Avsluttande karakterar i grunnskulen i Møre og Romsdal 2014
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ansvar for sensur ved sentralt gitt eksamen i grunnskulen. Vi har også klagehandsaming på standpunktkarakterar. Førebels karakterstatistikk for eksamen og resultat av klage på standpunktkarakterar 2014 er no klar. |
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Skriftleg eksamen i grunnskulen våren 2014
Til eksamen i grunnskulen våren 2014 blei det vurdert og sett karakter på i overkant av 4000 elevsvar i Møre og Romsdal.
Førebels karakterstatistikk er lagt ut på nettsida til Utdanningsdirektoratet. Resultatet for Møre og Romsdal er likt landsgjennomsnittet i engelsk og matematikk. I norsk sidemål ligg vi litt over og i norsk hovudmål litt under.
Fagnamn |
Snittkarakter |
Snittkarakter nasjonalt |
Engelsk 10. årstrinn, skriftleg | 3,7 | 3,7 |
Matematikk 10. årstrinn | 3,0 | 3,0 |
Norsk hovedmål 10. årstrinn, skriftleg | 3,4 | 3,5 |
Norsk sidemål 10. årstrinn, skriftleg | 3,2 | 3,1 |
Klage på karakterar ved skriftleg eksamen
Det kom inn klager på 34 av desse karakterane, 3 i engelsk, 8 i matematikk, 11 i norsk hovudmål og 12 i norsk sidemål.
6 av desse 34 kandidatane fekk heva karakteren ved klagebehandlinga med ein karakter. Ingen kandidatar gjekk ned.
Eksamensklagene er behandla av klagenemnder frå andre fylke.
Klage på standpunktkarakterar i grunnskulen
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2014 fått inn 65 klager på standpunktkarakterar i grunnskulen. I tillegg har det kome inn fire klager på åtferdskarakter. Dette er på same nivå som i fjor. Talet på klager i 2012 var 80 (pluss 4 klager i orden og åtferd). Tidligere år har talet på standpunktklager vore stabilt på i overkant av 100.
Dei 65 klagene på standpunktkarakter fordelte seg på 17 fag. Det kom inn flest klager i kroppsøving (8 klager), kunst og handverk (8 klager), matematikk (8 klager), mat og helse (7 klager), norsk munnleg (5 klager), engelsk munnleg (4 klager) og norsk sidemål (4 klager).
Det kom klager frå 22 skular, fordelt på 15 kommunar og ein privatskule.
Omlag 55% av klagene er på karakterane 3 og 4.
Førebels er omlag 30% av klagene ikkje tatt til følgje. Omlag 70% av klagene er sendt tilbake til skulane for ny vurdering.
Kontaktpersonar
-
Tone Malme
Tlf: 71 25 85 66