Barnehagekonferansen feirer 20 år som fagleg møteplass
Gjennom to tiår har konferansen vore ein viktig fagleg møteplass for kunnskapsdeling og fagleg utvikling i barnehagesektoren. Jubileumskonferansen har fått tittelen «Gi meg tid».
20 år med kvalitetsutvikling
– I år er det 20 år sidan Barnehagekonferansen i Møre og Romsdal først vart arrangert, og jubileet blir feira med stor entusiasme i Ålesund. Sidan 2003 har konferansen utvikla seg til å bli ein av dei mest sentrale faglege møteplassane for pedagogisk personale i barnehagane, barnehageansvarlege på kommunnivået, PPT og høgskuletilsette, seier Maren Ørjasæter.
Gjennom desse åra har konferansen følgt utviklinga i barnehagesektoren tett, med tema som har spegla både dei store samfunnsutfordringane og dei daglege utfordringane ein står overfor i sektoren. Heile tida med søkjelys på kvalitetsutvikling i barnehagen.
Aktuelle tema gjennom to tiår
Konferansen har kvart år fokus på tidsaktuelle tema. Ein får oppdatere seg på lov- og regelverk, innhald i stortingsmeldingar og strategiar, og ein blir fagleg oppdatert på den nyaste forskinga innan feltet. Konferansen har bidratt til å løfte kompetansenivået i sektoren og samtidig vore med å skape eit sterkt fagleg fellesskap.
I år er temaet "Gi meg tid!" og innhaldet er eit uttrykk for behovet både barna og dei tilsette kjenner på.
Samarbeidskonferanse
Barnehagekonferansen har vore eit viktig samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Utdanningsforbundet Møre og Romsdal og Statsforvaltaren.
Framtidige utfordringar
Barnehagekonferansen vil halde fram med å vere ein møteplass for fagleg utfordring, drøfting og kompetanseutvikling, med mål om å sikre ein inkluderande barnehage for alle barn.