Møte med regionkontaktane for barnehage og skole, m.fl.
Referat og lysark frå møtet 28. mai 2013 |
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Regionkontaktane for barnehage og skole, KS, Fylkeskommunen, Høgskulen i Volda og Fylkesmannen var samla til møte på Fylkeshuset i Molde 28. mai 2013.
Tema for fellesmøtet var evaluering av fagdagane våren 2013, innspel til nye fagdagar hausten 2013 og KS sin eigarstragei for barnehage og skole. Tema i parallellsesjonen for barnehage var m.a. kompetanseheving for assistentar, midlar på barnehageområdet, PUB-studiet og rekruttering av barnehagelærarar. Tema for parallellsesjonen for skole var status for vidareutdanning, Ny Giv, Veilederkorpset og Ungdomstrinn i utvikling. Nytt ordinært møte blir i november 2013.06.03
For regionale skoleeigarar blir det alt nytt møte tysdag 18. juni. Dette for å drøfte oppfølging av ungdomstrinnssatsinga, jf. lysark til bruk i regionane/kommunane.
Relaterte dokument er lagt ut på høgre sida.