Arbeid mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting

Jente sitter på togskinne og stabler flate stein
Å førebygge at ungdom blir tatt med til utlandet mot sin vilje er viktig. Foto: ScanStockphoto.

I sommarferien reiser mange til utlandet. Nokre barn og unge opplever å bli tatt med mot sin vilje. For desse inneberer utanlandsreisa ein risiko for tvangsekteskap, æresrelatert vald eller kjønnslemlesting.

Publisert 22.05.2024

Regjeringa har sendt ut eit beredskapsbrev om negativ sosial kontroll og æresrelatert vald. Dei vil minne om behovet for ekstra beredskap i samband med sommarferien.

Du som arbeider i kommunar har ei viktig rolle!

Du som arbeider i tenestene i kommune og fylkeskommune har ei viktig rolle i det førebyggjande arbeidet. Du plikter å hjelpe barn og unge som er utsett. I brevet frå regjeringa blir det gitt råd om kva du kan gjere om du er bekymra for at overgrep kan skje i ferien. 

Statsforvaltaren har vidaresendt brevet til offentlege aktørar som barnehagar, grunn- og vidaregåande skular, oppfølgingstenesta, helsestasjon- og skolehelsetenesta, fastlegar, psykisk helseteneste, NAV-kontor, barneverntenesta, familievernet, flyktningtenesta og vaksenopplæringa.

Ha merksemd på dette!

Når ein person er i utlandet og ber om hjelp, er det avgrensa kva norske myndigheiter kan gjere, sjølv om personen er norsk statsborgar. Å førebyggje at ungdom blir tatt med til utlandet mot sin vilje er viktig. Det kan bidra til å hindre at den unge blir utsett for forhold som krenkjer deira rettar og som er straffbare i Noreg.

Alle som arbeider med barn og ungdom bør ha ekstra merksemd på dette no, og beredskap for å hindre slike overgrep.

Les meir i brevet korleis du går fram om du er uroa for barn og ungdom.