Ålesund barnevernsteneste gav forsvarlege tenester
I 2022 døydde eit spedbarn som barnevernet følgde opp i Ålesund. Statsforvaltarens tilsynsrapport konkluderer med at barnet og foreldra fekk forsvarlege tenester.
Bakgrunn for tilsynet
Politiet sikta foreldra for grov mishandling av spedbarnet. Sidan barnevernet hadde følgd opp barnet og familien, informerte politiet Statsforvaltaren om at dei starta opp etterforsking av foreldra.
– Dokumenta i saka viste at det ikkje var stor risiko for at barnevernet hadde svikta barnet og foreldra. Men alvoret i saka og omsynet til tilliten til Ålesund barnevernsteneste, gjorde at vi likevel ville undersøke saka nærare. Derfor oppretta vi tilsyn, fortel statsforvaltar Else-May Botten.
Ho viser til at barnevernstenesta si oppgåve er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp, omsorg og vern til rett tid.
– Ålesund barnevernsteneste har i denne saka samarbeidd med andre instansar om å følgje opp og hjelpe familien. Vår vurdering er at dette sikra ein kontinuitet i oppfølginga av både barn og foreldre, seier Botten.
Ingen behov for tilsyn med helsehjelp
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har også tatt ein gjennomgang av det medisinfaglege i saken, og konkluderer med at det ikkje er grunnlag for tilsyn med helsehjelpa som barnet fekk.
– Journalen i saka gir god oversikt over helsehjelpa barnet fekk. Undersøkingane vart gjort etter nasjonale retningslinjer, og basert på den kunnskapen dei hadde på tidspunktet. Derfor har vi ikkje ført tilsyn med helsehjelpa, seier statsforvaltar Else-May Botten.
Godt samarbeid mellom instansar
Tilsynsrapporten på Ålesund barnevernsteneste seier at dei ulike instansane som hjelpte familien i all hovudsak hadde ei felles fagleg forståing og var samd om kva barnet og familien trong.
– Foreldra og barnet fekk oppfølging frå fødselen av. Symptoma til barnet vart avklart i tråd med god praksis. Ingen i tenestene rundt familien mistenkte at barnet blei utsett for vald.
Tilsynsrapporten seier at Ålesund barnevernsteneste fortløpande henta inn informasjon om barnet og foreldra frå helsetenester og andre hjelpeinstansar.
– Informasjonen vart nytta og vurdert vidare i saken. Tilsynet viser at tilsette i barnevern og helsetenester følgde barnet tett opp, og ga koordinerte, heilskaplege tenester, seier statsforvaltar Botten.
Ikkje avdekt lovbrot
Konklusjonen i tilsynsrapporten er at det ikkje er avdekt lovbrot hos Ålesund barnevernsteneste i saka. Tilsynet er derfor avslutta.