Endringar i velferdstenestelovgjevinga
Stortinget har vedtatt nye forskrifter om samarbeid, samordning og barnekoordinator i 14 velferdstenestelover som trer i kraft 1. august 2022.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Lovendringane er uavhengig av alder og gjeld alle med behov for velferdstenester, med unntak av barnekoordinator som gjeld for dei under 18 år. Bakgrunnen for endringane er å få til betre samarbeid og samordning av tenester til barn og unge. Endringane er derfor særleg relevante for barn, unge og deira familiar.
Tverrsektoriell rettleiar om samarbeid, samordning og barnekoordinator
Arbeids- og velferdsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet utarbeider ein tverrsektoriell rettleiar for dei nye føresegnene om samarbeid, samordning og barnekoordinator. Rettleiaren har hovudvekt på målgruppene barn, unge og deira familiar.
Rettleiaren blir publisert 15. september 2022.
Meir informasjon om lovendringane finn du i Prop.100L (2020-2021)-regjeringen.no
Kontaktpersonar
-
Janne Bjørsnøs
Tlf: 71 25 85 36 / 91 12 47 63 -
Ragnhild Naas
Tlf: 71 25 85 07