Tidlegare assisterande fylkesmann Kjeld Brecke gjekk ved årskiftet av som pensjonist. Brecke starta hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal i 1974.
09.01.2013
Fylkesmannen har utarbeidd framlegg til grenseendring i Myklebustvatnet naturreservat. Endringa medfører at arealet vert redusert med ca. 6 daa. Vi kan ikkje sjå at dette medfører spesielle tap av verneverdiar.
08.01.2013
Fylkesmannen har i samarbeid med Smøla kommune utarbeidd forvaltingsplanar for naturreservata Aunvågen, Fløtjønna, Hopavassdraget, Kyrhaugvatna, Midt-Smøla, Remman, Sjøvågen og Sortna.
04.01.2013
Fylkestinget vedtok 12. desember ei landbruksmelding for Møre og Romsdal. Meldinga skal vere retningsgjevande for utviklinga av næringa på regionalt nivå og bidra til å styrke landbruket og landbruksbasert næringsutvikling i fylket.
14.12.2012
DN har godkjent forvaltingsplanane for seks våtmarksområde i Giske kommune 18.10.2012. Fylkesmannen har ferdigstilt planane og gjort dei tilgjengelege i elektronisk form under Publikasjonar på heimesida vår.
12.12.2012
Fylkesmannen har laga framlegg til forvaltingsplanar for naturreservata Farstadbukta, Hustadbukta og Langøyvågen. Dei tre naturreservata er verna havstrandområde i Fræna kommune. Planane ligg på høyring fram til 15. desember 2012.
06.12.2012
Fylkesmannen har i samarbeid med Smøla kommune laga framlegg til forvaltingsplanar for åtte naturreservat i Smøla kommune.
25.10.2012
Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til seminar om økologisk mat i serveringar og storkjøkken.
23.10.2012
Den andre konferansen om nyskapande kommunar og lokalsamfunn på Vestlandet vert arrangert i Nordfjordeid 24-25. oktober. Tema denne gongen er koplinga mellom mobilisering og planarbeid.
25.09.2012