Kristiansund kommune i Robek
Fylkesmannen sender i dag brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet med melding om at Kristiansund kommune skal i Robek.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kristiandsund kommune vedtok i 2014 å dekke inn rekneskapsmessig underskott frå 2013 på om lag 15,3 millionar kroner ved bruk av disposisjonsfondet. Dette viser seg i revidert budsjett for 2014. Bystyret vedtok rekneskapen for 2014 i juni i år. Rekneskapen viser at inndekninga av underskottet frå 2013 var strøket grunna nytt underskott i 2014. Underskottet i 2014 var på om lag 18,1 millionar kroner. Samla underskott er på 33,4 millionar kroner.
Etter kommunelova § 60 nr 1 bokstav d skal kommunar som ikkje følgjer sin eigen vedtekne plan for inndekking av underskott bli meldt inn i Robek. Fylkesmannen finner grunnlag for å melde Kristiansund kommune inn i Robek etter dette vilkåret.
Betydninga av å vere i Robek
Robek står for Register om betinga kontroll og godkjenning. Kommunar i Robek er under noko sterkare statleg kontroll av økonomiske disposisjonar. Konkret gjeld dette:
- Lovlegkontroll av årsbudsjettet
- Godkjenning av langsiktige avtalar om leige
- Godkjenning av låneopptak
Kommunar i Møre og Romsdal i Robek
Kommunane Gjemnes, Ørsta og Volda vart meldt ut av Robek tidlegare i år. No er det seks kommunar i Møre og Romsdal som er i Robek; Ålesund, Kristiansund, Hareid, Stranda, Sykkylven og Fræna.