Seminar om kjekjøtt i Norddal 28.-29. april i Norddal

Siste veka i april vert det invitert til seminar og workshop om produksjon, foredling, marknadsføring og sal av kjekjøtt i Norddal. Seminaret er eit samarbeid mellom kommunane Stranda og Norddal, The Happy End og fylkesmannen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.03.2015

Bakgrunnen for seminaret er at fleire og fleire geitebønder ynskjer å fôre fram kje, men det er knytt mykje usikkerheit til lønsemda og marknaden for småkje. Det er likevel ein del entusiastiske geitebønder som har funne ein interessant marknad for kjekjøtt. På seminaret skal bønder og kokkar formidle sine erfaringar og vise på korleis ein kan nytte det fantastiske kjekjøttet på nye måtar.

Dokument