Kontroll av nedlagte avfallsdeponi

Miljødirektoratet har samen med Fylkesmennene satt i gong ein landsdekkande kontroll av avfallsdeponi. Aksjonen går no i september.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.09.2014

Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil kontrollere om lag 10 nedlagte deponi, alle nedlagt etter 2002. Deponering av avfall følgjer strenge miljøkrav, og Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil i denne omgang særleg kontrollere handteringa av sigevant frå deponia. God handtering av sigevant minkar faren for spreiing av miljøgifter til nærliggande vassførekomstar.