Utfordrande for landbruket i fylket

Jordbruksareala i Møre og Romsdal er fragmenterte. Arealet har totalt gått ned, men samtidig er det mange gardbrukarar som satsar friskt. Auka andel leigejord gir utfordringar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.07.2014

I dag presenterer Landbruks- og matdepartementet og Skog og landskap arealbarometer for Møre og Romsdal. Arealbarometeret viser bruken av arealressursane i fylket. I tillegg vert det synleggjort kva areala vert brukte til og kva endringar som har skjedd dei siste åra.

- Dei siste åra har landbruket i Møre og Romsdal gått gjennom store forandringar, seier Anne Berit Løset, landbruksdirektør ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Jordbruksarealet går totalt sett ned, men samtidig er det mange mjølkeprodusentar som satsar friskt.  Landbruksnæringa er offensiv og tilpassingsdyktig, men møter store utfordringar.

- Eigedomsstrukturen er tilpassa eit samfunn som ligg hundre år tilbake i tid, og passar ikkje med driftsstrukturen vi har i dag. Halvparten av jordbruksarealet er leigejord, og andelen aukar, noko som er utfordrande både økonomisk, agronomisk og for miljøet. I tillegg til den økonomiske situasjonen og usikkerheit rundt generasjonsskifta, er dette den største utfordringa for landbruket i Møre og Romsdal, seier Løset.