På topp og botn i kommuneøkonomi
Møre og Romsdal er på topp og på botn i norsk kommuneøkonomi. Mens Aukra er av dei rikaste, er Stranda den mest gjeldstynga kommunen i landet. Det går fram av Fylkesmannens nye rapport som viser utviklingstrekka i kommuneøkonomien.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
-Situasjonen i Møre og Romsdal er spesiell. Vi har kanskje den rikaste og fattigaste kommunen i Noreg. Aukra har hatt det høgaste netto driftsresultatet i landet dei tre siste åra, medan Stranda har bygd seg opp den desidert høgaste gjelda, med Ulstein som ein god nummer to. Fylket har også ein uvanleg stor del Robek-kommunar, altså åtte kommunar som er satt under utvida statleg kontroll på grunn av økonomiske problem, seier rådgivar Sissel Hol hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Forskjellige verklegheiter
Dei rike og dei fattige kommunane i fylket lever i heilt forskjellige verkelegheiter. Stranda kommune må bruke store delar av inntekta for å betale renter og avdrag på gjelda, og har i tillegg nytta ein dispensasjonsregel i kommunelova for å dekke inn tidlegare underskott over ti år. Aukra kommune opplever ein heilt anna situasjon, og har til dømes finansiell styrke nok til å vere med å finansiere felles tiltak andre stader i regionen.
Rekneskapssminke held resultata oppe
Netto driftsresultat er hovudindikatoren for økonomisk balanse for kommunane. Netto driftsresultat for kommunane i Møre og Romsdal er i nedre sjiktet samanlikna med kommunane i dei andre fylka.
I 2013 var netto driftsresultat på same nivå som året før, men bak tala er det fleire midlertidige faktorar som gjer at netto driftsresultat vart høgare. Hol legg ikkje skjul på at rekneskapssminke er med på å halde resultata oppe i mange kommunar.
-Netto driftsresultat er heldt oppe av bundne midlar som kommunen ikkje kan nytte etter eiget ønskje. Korrigerast netto driftsresultat for dette forholdet er netto driftsresultat enda lågare, og ein kommune kan ha eit positivt netto driftsresultat, men framleis gå med underskott, seier Hol.
På nasjonalt nivå er det tilråda at netto driftsresultat er på minst tre prosent av driftsinntektene for at kommunane si formue skal bli ivaretatt. Ifølge Hol er netto driftsresultat for kommunane i Møre og Romsdal på 1,7 prosent av driftsinntektene dei siste fem åra under eitt.
-Det viser at sjølv om netto driftsresultat heldt seg stabilt i 2013, er det fleire indikatorar som tilseier at den underliggjande økonomiske balansen er svekka.
Høg gjeldsbør
Lånegjelda til kommunane i Møre og Romsdal har lenge vore høgare enn landsgjennomsnittet. Det fører til at det er mindre midlar igjen til tenesteproduksjon, når stadig meir av inntekta er bunden opp i renter og avdrag. Utviklinga gjer Fylkesmannen bekymra.
- Vi er bekymra fordi vi tolkar dette som eit symptom på at kommunane ikkje har råd til å finansiere investeringane med eigenkapital. Det fører til ein vond spiral der det stadig blir dyrare å vere fattig, seier Hol.
Utfordringar framover
Det er fleire utfordringar for kommuneøkonomien i åra som kjem. Uro i internasjonal økonomi gjer at staten nøye må vurdere kor ekspansive overføringane til kommunesektoren kan vere. Rentenivået er lågt no, og med høg gjeld er kommunane sårbare om renta stig til det nivået renta var på i 2007 og 2008. Pensjonskostnadane kan auke på grunn av høge lønsoppgjer og låg rente.
Dette er generelle utfordringar kommunane står ovanfor. Fleire år med gjeldsoppbygging og låge netto driftsresultat er i ferd med å innhente kommunane i Møre og Romsdal. Det gjer at behovet for å omstille og redusere tenesteproduksjonen vil vere meir presserande her i fylket enn i andre delar av landet. Kommunane som har svak økonomi no er sist ut av startblokka for å møte utfordringane i åra framover.
Kommunane har få moglegheiter til å påverke inntektene sine sjølv, eit unnatak er eigedomsskatten. Tala viser at det er fleire kommunar som har innført eigedomsskatt i sin kommune dei siste åra, som eit tiltak for å få økonomien i balanse. I fjor var det mykje merksemd rundt kuttforslag og eigedomsskatt når kommunane behandla årets budsjett, både i media og blant innbyggarane. Hol trur ikkje det blir færre harde budsjettdebattar i kommunane til hausten.
- Det vil nok vere like mange, om ikkje fleire, debattar om kutt i tenestene til innbyggarane og eigedomsskatt for neste års budsjett. Situasjonen er tøff for mange kommunar, og det krevjar tøffe politikarar som tørr å prioritere.
Stortinget har og fatta vedtak for ei kommunereform i denne stortingsperioden. Reforma blir enda ei utfordring, men også ein moglegheit, for kommunane dei næraste to åra. Små kommunebudsjett er sårbare, og når små kommunar til dømes får ein tung ressurskrevjande brukar, så kan det velte heile kommunebudsjettet. Reforma skal gje større og robuste kommunar som kan få fleire oppgåver, meir lokalt sjølvstyre og ein berekraftig kommuneøkonomi.