Seminar om andelslandbruk

Fylkesmannen, Landbruk Nordvest og Oikos inviterer til seminar 1. mars i Molde om andelslandbruk. Ideen bak andelslandbruk er at forbrukaren kjøper ein andel av garden sin produksjon før sesongen startar og får så mat utover i sesongen. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.02.2014

Målet med seminaret er å gje kunnskap, skape interesse for ideen og kanskje på sikt starte andelslandbruk i Møre og Romsdal. Tre av innleiarane, Jolien Perrotti, Pål Theodorsen og Tom Harald Eckell, vil bidra med praktiske erfaringar frå andelslandbruk. Den fjerde innleiaren, Nils-Henning Nesje, er kjøkensjef og likar å lage mat frå grunnen og å bruke lokal mat. 

Dokument