Mange motsegner – men også ros til Herøy kommune

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har mange motsegner – men gir også skryt til Herøy kommune for at kommunen har tatt på alvor mange viktige sentrale føringar i sitt forslag til ny kommuneplan. -Eg vil særleg framheve risiko- og sårbarheitsanalysen som er utarbeidd. Denne gir eit godt grunnlag for ein trygg arealbruk i Herøy, seier fylkesmann Lodve Solholm.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.01.2014

Solholm gir også Herøy kommune ros for å ha involvert borna og ungdom i planlegginga, og gjennomført barnetrakkregistreringar.
-For fylkesmannen er born og unge eit særs viktig fokus i arealplanlegginga. Det er difor gledeleg å sjå at kommunen har tatt dette på alvor, meiner Solholm.

Sikrar ikkje strandsona
Kommuneplanen som Herøy no har lagt ut til høyring skal vere styrande for samfunnsutviklinga og arealbruken i kommunen dei neste ti til femten åra. Det er kommunen som har ansvaret for at planlegginga av arealbruken tar opp i seg nasjonale mål om å redusere arealforbruket, ta vare på matjorda, gje folk tilgang til friluftsområde ved sjøen, og sikre gode og trygge omgjevnader å vokse opp i. Fylkesmannen har mange merknader og motsegn - til planen. Det gjeld mellom anna sikring av strandsona.
-Kommunen syner liten vilje til å sikre strandsona som ein felles ressurs for innbyggarane og som grunnlag for naturmangfald og det nære friluftslivet. Det same gjeld omsynet til jordbrukets produksjonsareal, seier Solholm.

Utfordrar nasjonale mål
Den viktigaste innvendinga frå Fylkesmannen  gjeld omfanget av nye utbyggingsområde.
-Her legg kommunen til rette for ei omfattande utbygging utan å ta styring gjennom bruk av dei verkemidla som plan- og bygningslova gir. Fleire av byggeområda som er foreslått i planen utfordrar nasjonale mål for areal- og miljøpolitikken. Kommunen synes å legge til rette for ei svært omfattande bustad-, fritidshus- og naustutbygging, utan at behovet er godt fundert, meiner Solholm.

Dialog
Motsegna frå Fylkesmannen gjer no at kommunen ikkje kan vedta planen utan vidare. Blir ikkje kommunen og Fylkesmannen einige, skal Kommunal - og moderniseringsdepartemenetet avgjere saka.
Fylkesmann Lodve Solholm ber no Herøy kommune gå gjennom tilbakemeldinga, og stiller gjerne til møte med kommuneleiinga.
-Eg ser fram til vidare dialog med kommunen om kommuneplanen dersom dei ønskjer det. I tillegg til drøftingar om motsegnspunkta, ønskjer vi da også å utdjupe våre faglege råd om føresegner, konsekvensutgreiing og anna arealbruk, seier Solholm.