Kulturlandskapsprisen til Annbjørg og Per Devold i Rauma

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har  tildelt Kulturlandskapsprisen for 2013 til Annbjørg og Per Devold i Rauma. Gardbrukarparet får prisen for berekraftig og allsidig bruk av kulturlandskapet – med vekt på mjølk- og kornproduksjon, opplevingsturisme og aktiv bruk av eldre bygningar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.08.2013

-Fylkesmannen i Møre og Romsdal deler årleg ut ein kulturlandskapspris  til grunneigarar eller lag som markerer seg på ein positiv måte i arbeidet med kulturlandskapet. Fylkesmannen  ønskjer å gje prisen til gode ambassadørar for bygde-Norge og for landbruket. I år går prisen til eit særs velstelt bruk med eit svært hyggeleg vertskap, sa assisterande fylkesmann Rigmor Brøste då ho delte ut prisen under Dyregod-dagane i Gjemnes fredag.

Annbjørg og Per Devold driv garden Devold i Rauma. Arealet er knapt 300 dekar dyrka jord pluss noko innmarksbeite. Hovudproduksjonen er mjølk og korn. No i sommar har dei 18 mjølkekyr, ungdyr og 125 dekar korn. Dei har vore med i Istra fellesbeite frå starten og til vanleg er mjølkekyrne der om sommaren. Det er vel 150 da skog til eigedomen. Garden Devold er eit særs velstelt bruk med eit svært hyggeleg vertskap – og flott utsikt mot Romsdalsfjella.

I tillegg til den tradisjonelle gardsdrifta driv dei med opplevingsturisme. Garden har fiskerett i gode område i elva Rauma. Med grunnlag i fisket i elva og det gamle eldhuset på garden har dei satsa på å utvikle eit opplevingstilbod til grupper og bedrifter. Dei satsar på å gi besøkande ei god oppleving med matservering i eldhuset. Det er nokre overnattingsplassar på garden, men dei samarbeider elles med andre i området om overnatting for større grupper.

Devold er ein svært gammal slektsgard med mange gamle bygningar. Bygningane er tekne godt vare på og svært godt vedlikehaldne. Den opprinnelege byggekulturen er bevart. Det er lagt vekt på heilskap og tryggleik ved utforming av tunområdet og tilrettelegging for trafikk. Tunet er ryddig, fint tilplanta og det er ein naturleg del av kulturlandskapet.

Devold var tidlegare marknadsplass for Romsdal Marked, og ved elva finn ein restar etter gamle kulturminne, m.a. den gamle brua. Markedet er første gong nemnt i skriftlege kjelder i 1533. I 2004 laga NRK ein film om ferdsel til marknaden på Devold og det blei laga ein «rekonstruksjon» av marknaden. I 2009 var det Landsspeidarleir på Devold (på fleire eigedomar). I år var opninga av Norsk Fjellfestival halden på Devold, og Per Devold opna festivalen. Historia om garden og områda på Devold kjem såleis fram i mange samanhengar.

Prisen er på 10.000 kr pluss eit kunstverk av Annelene Haftorn.