Regulering av laksefiske på Nordmøre

Miljødirektoratet tek dei låge laksefangstane på Nordmøre som eit teikn på at det kan bli for lite gytefisk i elvane til hausten. Dei har difor endra reglane for laksefiske for å redusere haustinga i siste del av sesongen. Tilsvarande reguleringar er gjort for Trondheimsfjorden, Nord-Troms og Fjordane i Vest-Finnmark.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.07.2013

For vårt fylke gjeld følgjande endringar for laksefiske i kommunane Aure, Halsa, Surnadal, Tingvoll, Kristiansund, Sunndal og Gjemnes:

  • Fiske etter laks i sjøen med kilenot er stengt frå fredag 26. juli kl. 18.00.
  • Frå og med 27. juli skal all holaks som blir fanga i vassdraga i desse kommunane settast ut att. I vassdrag med god organisering med ordinær fisketid til 15. eller 31. august kan innkorting av fiskesesongen med 14 dagar nyttast som alternativ til utsetting av hofisk.
  • Desse reguleringane gjeld ikkje vassdrag med Gyrodactilus Salaris

Sjå heile saka på Miljødirektoratet si heimeside på http://miljodirektoratet.no/no/Nyheter/Nyheter/2013/Juli-2013/Regulerer-fiske-i-fire-regioner/