Grenseendring Myklebustvatnet naturreservat, Herøy kommune

Direktoratet for naturforvaltning har ved forskrift av 12.04.2013 endra grensene for Myklebustvatnet naturreservat, Herøy kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.05.2013

Arealet er redusert med ca. 6 daa. Formålet med grenseendringa er å gje plass til ei ny rundkøyring på FV 654, samt å rette opp ein del feil og unøyaktigheiter i det opphavlege vernekartet frå 1988. Det er også retta opp feil og manglar i eigedomsopplistinga i verneforskrifta.

Nytt kart og forskriftsendring finn du til høgre på denne sida. Endringa er i samsvar med fylkesmannen si tilråding.