Vann gründercamp med landbrukstema

Veka før påske arrangerte ungdomsskulane i Molde gründercamp for alle elevane på 9. trinn. Gjennom heile veka arbeidde elevane i grupper med ulike kreative oppdrag.  På Bekkevoll ungdomsskole vart det kåra ein vinnar i kvar klasse. Tre av fire vinnarar hadde fått oppgåve frå fylkesmannen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.03.2013

Gründercampen i Molde vart i år arrangert for sjette gong og er eit samarbeid mellom skule, næringsliv og offentlege institusjonar. Molde næringsforum koordinerer arbeidet.

Vinnaroppgåvene som var gitt av fylkesmannen var knytt til tema som lokal mat og PR for landbruksnæringa:

  • Lag ein "Moldedessert" basert på lokale råvarer
  • Innrei ein gardsbutikk i Hammervollstabburet på Romsdalsmuseet
  • Lag ein video som promoterer norskprodusert mat

Føremålet med gründercamp er at elevane skal bli kjende med lokalt arbeids- og næringsliv, og få kunnskap om ulike yrke og utdanningsløp.

Gründercamp er trening i problemløysing ved hjelp av kreativitet og nytenking. Elevene vert delte inn i grupper på 4 – 5 personer, og får eit oppdrag frå næringslivet eller ein offentleg arbeidsplass som dei skal jobbe med. Oppdraget skal vere realistisk.

Arrangementet går over ei veke. Elevene får utlevert oppdraget på måndag og må levere innan torsdag ettermiddag. Kvar arbeidsplass stiller med rettleiarar for å hjelpe elevane i å løyse oppdraget. Ein jury vurderer oppgåvene og kårer vinnarar frå kvar skule.