Ny giv i bygda? Søk støtte til bygdemobilisering!

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer lag og organisasjonar til å søke om støtte til bygdemobiliseringsprosjekt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.03.2013

Målet med bygdemobilisering er å utvikle livskraftige lokalsamfunn der folk trivst og ungdom finn ei attraktiv framtid.Satsinga skal stimulere til auka trivsel, entrepre­nørskap og etablering av lokale arbeids­plassar, kort sagt: Medverke til at bygda også fram­­over blir ein attraktiv buplass. Bygde­mobili­seringa er eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkesmannen i Møre og Romsdal og entreprenørskapsprogrammet hoppid.no.

Fristen for å søke er 1. mai 2013. Sjå vedlegg for meir informasjon.