Norsk kvalitetsmat - korleis?

I kjølvatnet av hestekjøttskandalen er diskusjonen om mat og matproduksjon vorte svært aktuell: Kvar kjem maten frå? Korleis er den produsert? Bondelaget og Bygdekvinnelaget inviterer til seminar i Fræna 4. april.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.03.2013

Fylkesmannen og Bioforsk er medarrangørar.

Innleiarane på seminaret er ein statsvitar, ein bonde, ein ernæringsforskar og ein museumsmann - alle skal snakke om mat ut frå sin ståstad. Statsvitar Svenn Arne Lie tek for seg norsk matforsyning og  bonde Hans Erik Wold vil snakke om korleis bondenproduserer kvalitetsmat ved å spele på lag med naturen. Professor i ernæring Anna Haug innleier om riktig fôr som gir riktig mat og museumsdirektør Jarle Sanden vil ta for seg mattradisjonar frå tidlegare tider fram til i dag.