Myklebustvatnet naturreservat, Herøy - grenseendring

Fylkesmannen har utarbeidd framlegg til grenseendring i Myklebustvatnet naturreservat. Endringa medfører at arealet vert redusert med ca. 6 daa. Vi kan ikkje sjå at dette medfører spesielle tap av verneverdiar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.01.2013

Formålet med grenseendringa er å gje plass til ei ny rundkøyring på FV 654, samt å rette opp ein del feil og unøyaktigheiter i det opphavlege vernekartet frå 1988. I samband med høyringa vil ein rette feil og manglar i eigedomsopplistinga i verneforskrifta.

Evt. merknader må sendast Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshusa, 6404 Molde, evt. postmottak@fmmr.no innan 22.02.2013