Server meir økologisk!

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til seminar om økologisk mat i serveringar og storkjøkken. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.10.2012

Vi samarbeider med Difi – Direktoratet for forvaltning og IKT, matforskningsinstituttet Nofima, og ØQ (føregangsfylka for auka forbruk av økologisk mat; Østfold, Oslo og Akershus).

Direktoratet for forvaltning og IKT Difi har laga anbefalingar for korleis det offentlege kan kreve serveringstenester med økologisk matog drikke, og vil presentere desse på seminaret.Tingvoll kommune presenterer arbeidet sitt, der dei brukar økologisk og kortreist mat både i skulesamanheng og i matserveringa på sjukeheimen i kommunen. Der er det mykje god erfaring som andre kan dra nytte av!Regionale forutsetningar og utfordringar knytt til bruk av økologisk mat vil også være ein sentral del avprogrammet. Og det er hjelp å få for dei som vil auke andelen økologisk mat i si bedrift ‐ Nofima, ØQ og Difi presenterer kva dei kan bidra med av kunnskapsbygging og praktisk rettleiing. Deretter skal det diskuterast aktuelle tiltak og strategiar for vidare oppfølging.
Møteleiar er Emil Mohr, grunnleggaren av Debio og ein nestor innan økologisk landbruk. Det vil bli lagt opp til eit seminar med mykje dialog og mest mogeleg relatert til konkrete utfordringar.
Målgruppe: Innkjøparar i statlige og kommunale verksemder, og i fylkeskommunen Kjøkkensjefar og kantineleiarar i private og offentlige verksemder Andre (som for eksempel ansvarlige for skulefruktordning og arrangementsleiarar) Kjøkkentilsette ved storkjøkken

Økologiske produsentar, grossistar og matbutikkar

Seminaret er gratis.

Kursstad: Quality hotel Alexandra i Molde 30.oktober 2012Tid: Kl.09.00- 15.00
Påmeldingsfrist: 15.oktober 2012Den elektroniske påmeldinga er no stengt pr. 22.10.12. Spørsmål om påmelding til Kjellaug Flusund Finnøy på epost kjellaug.finnoy@fmmr.no  eller telefon 71 25 80 67.

Etter 24.10.12 kan spørsmål om etterpåmelding/ endringer rettast til MagnaTorvund Bergem på epost magna.torvund.bergem@fmmr.no