Barnevernkonferansen 2019
- Dato:
- 24. september 2019 00:00 - 26. september 2019 14:30
- Stad:
- Hotel Union, Geiranger
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Møre og Romsdal i samarbeid med flere
Barnevernkonferansen 2019.
Fylkesmannen arrangerer i samarbeid med fleire Barnevernkonferansen 2019
Tid: 24.-26. september 2019
Stad: Hotel Union, Geiranger
Det blir bindande påmeldingsfrist innan 31. mai 2019.
Programmet finn du i høgremargen. Dag 3 skal det vere 3 parallelle seminar. Du velgjer eit som du må melde deg på:
A Legger vi til rette for gode menneskemøter i våre institusjoner?
Samtale med ein ungdom, og eit foredrag ved Ellen Synnøve Aarseth. Ho vil presentere funn frå masteren sin med tema «Ungdom i gråsonen mellom psykiatri og barnevern - et samordnet tilbud fra barnevern og psykisk helsevern til ungdom på institusjon?» Ho har lang erfaring som miljøterapeut og leiar for ein akuttinstitusjon for ungdom, samt erfaring fråa kommunalt barnevernsarbeid. Ho er utdanna barnevernpedagog og har i dag ansvar for barnevernpedagogutdanninga ved Høgskulen i Volda.
B Brukermedvirkning med barneblikk
Samtale mellom ein institusjonsleiar og ein ungdom, og eit foredrag ved Gunbjørg Furnes Baar. Ho har lang erfaring som kontaktperson og barnevernsleiar i stor og liten kommune, er brennande opptatt av brukarmedverking og har brei erfaring med ulike tilnærmingar til temaet. Eksempla er praksisnære og engasjerande. Ho er utdanna barnevernpedag og arbeider i dag som rådgivar i Inntak, Bufetat, Trondheim.
C Formell medbestemmelse og deltakelse i hverdagslivet i fosterhjem – en utfordring for fosterforeldre, fosterbarn og andre barn i hjemmet
Samtale mellom ei fostermor og hennar fosterdotter, og eit foredrag ved Elisabeth Backe-Hansen, NOVA/OsloMet. Få psykologar har betydd meir for barnevernet og for barneverns- og fosterbarn i Noreg. Ho har hatt stor og avgjerande betydning for profesjonalisering av barnevernfeltet i mange år. Ho deler alltid generøst av sin kunnskap. Ho kombinerer praktisk arbeid med forsking.
Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 31.05.2019. Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 84 65
Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt riktig.
- Dato:
- 24. september 2019 00:00 - 26. september 2019 14:30
- Stad:
- Hotel Union, Geiranger
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Møre og Romsdal i samarbeid med flere
Kontaktpersonar
-
Eli Landrø
Tlf: 71 25 85 33