Fagsamling Kommunen som barnehagemyndigheit 26. april 2018
- Dato:
- 26. april 2018 09:00 - 15:30
- Stad:
- Scandic Seilet hotel, Molde
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Møre og Romsdal
- Målgruppe:
- Kommunen som barnehagemyndigheit
Fagsamling Kommunen som barnehagemyndigheit
Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterte til fagsamlinga Kommunen som barnehagemyndigheit
Tid: 26. april 2018, med programstart kl 9.30
Stad: Scandic Seilet hotel, Molde
Målgruppe: Kommunen som barnehagemyndigheit
Innhald i samlinga
1)Utdanningsdirektoratet arbeider målretta for å styrke barnehagemyndigheita sine risikovurderingar, rettleiing og tilsyn.
Vi får besøk av Yngvild Fløgstad frå Utdanningsdirektoratet og ho vil ha innlegg om følgjande tema:
- Barnehagemyndigheita si rolle.
- Risikovurderingar.
- Rettleiing og tilsyn.
På dei regionale møta, i januar og februar i år, orienterte vi om at vi vurderer å ha rettleiing med kommunane i forkant av varsla tilsyn etter barnehagelova. Innlegget til Flugstad vil vere ein god start/innleiing til dette arbeidet.
2) Gjennomgang og arbeid knytt til Revidert kompetansestrategi – regional ordning for kompetanseutvikling. Høgskulen i Volda v/Silje Ims Lied bidrar.
- Gjennomgang av regional ordning for kompetanseutvikling.
- Modell for regional ordning for kompetanseutvikling i Møre og Romsdal.
- Innspel og diskusjonar – prosessarbeid.
Ta med
Vi ber om at de har med eigen PC til samlinga.
Ei av oppgåvene vi skal arbeide med handlar om risikovurderingar.
Her er link til metodehandbok som gjeld risikovurderinger dersom de ønskjer å førebu dykk.
Økonomi: Deltakarane skal sjølv betale dagpakke kr 554,- direkte til hotellet på kursdagen.
Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 6. april 2018. Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05.
Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.
- Dato:
- 26. april 2018 09:00 - 15:30
- Stad:
- Scandic Seilet hotel, Molde
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Møre og Romsdal
- Målgruppe:
- Kommunen som barnehagemyndigheit