Fagdag barnehage og skule 16. november 2017
- Dato:
- 16. november 2017 09:00 - 15:30
- Stad:
- Quality hotel Alexandra, Molde
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Møre og Romsdal
- Målgruppe:
- Sjå lenger ned
Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterte til fagdag på barnehage- og skoleområdet.
Tid: 16. november 2017
Stad: Quality hotel Alexandra, Molde
Målgruppa var:
- Skulefagleg ansvarleg i kommunane / fylkeskommunen
- Barnehagefagleg ansvarleg i kommunane
- Skuleleiarar i kommunale, fylkeskommunale og frittståande skular
- Barnehageleiarar i kommunale og private barnehagar
- PPT
I haust vart ny rammeplan i barnehagane og nytt kapittel 9 A om elevanes skolemiljø gjort gjeldande. Det har mellom anna ført til eit auka fokus på barnehagen og skolen sitt ansvar for å skape inkluderande barnehage- og skolemiljø og å førebygge, stoppe og følgje opp/handtere mobbing.
Fylkesmannen ønsker denne fagdagen å rette fokus mot det førebyggande arbeidet; korleis ein gjennom å jobbe med relasjonar kan skape inkluderande barnehage- og skolemiljø og fremje helse, trivsel og læring blant barn og unge.
Deltaking på internett og i sosiale medium har vorte ein del av barn og unge sin kvardag, både når det gjeld tilgang på informasjon, moglegheit for å ytre seg, demokratisk deltaking og sosialisering med jamaldringar. Mange vaksne opplever det som utfordrande å handtere digital mobbing blant barn og unge. Vi ønsker også denne dagen å rette fokus mot barn og unge sin digitale kvardag og kva vi kan gjere for å førebygge digital mobbing.
May Britt Drugli er professor i pedagogikk ved RKBU Midt Norge, NTNU og professor II ved SePU, Høgskolen i Innlandet. Hennar forskingsområde er lærar-elev-relasjonar i barnehage og skole, små barn i barnehage, psykisk helse i barnehage og skole, samt barn med åtferdsvanskar.
Elisabeth Staksrud er norsk medieforskar. Ho jobbar som fyrsteamanuensis ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo. Ho har særleg forska på barn og ungdoms bruk av internett. I 2013 gav ho ut boka Digital mobbing: hvem, hvor, hvordan, hvorfor – og hva kan voksne gjøre?
Presentasjonar finn du i høgremargen.
- Dato:
- 16. november 2017 09:00 - 15:30
- Stad:
- Quality hotel Alexandra, Molde
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Møre og Romsdal
- Målgruppe:
- Sjå lenger ned