Søknad om løyve til utfylling i Kristiansund kommune
- Høyringsfrist:
- 31. desember 2015 23:00
Veidekke Industri AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling med massar på nordsida av Husøya.
Publisert 20.11.2015 av Administrator
Dei ynskjer å fylle ut med om lag 11 500 m3 med massar ved eigedomene med gnr. 138 bnr. 559 og 561. Utfyllinga vil dekke eit areal på om lag 4 800 m2. Utfyllinga skal gjerast for å etablere eit nytt kaianlegg, og for å oppnå auka landareal.
Rådgivende biologer AS har utarbeida ei konsekvensutreiing i samband med tiltaket (sjå vedlagte dokument).
Komplett sett søknadsdokument finnast ved å følgje linken til høgre på denne sida. Dokumenta vert også lagt ut på heimesida til Kristiansund kommune.
Vi ber om at eventuelle merknadar sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, innan 31.12.2015.
- Høyringsfrist:
- 31. desember 2015 23:00