Saksbehandlingstid på verjemålsområdet per oktober 2024
Her kan du lese meir om forventa saksbehandlingstid per oktober 2024 på utvalde saksområde på verjemålsfeltet. Vi gjer merksame på at saksbehandlingstida som er oppgitt under er rettleiiande, og at einskilde saker både kan ta lengre og kortare tid enn det som er forventa.
Sakstype | Forventa saksbehandlingstid |
Oppretting av verjemål for vaksne | Inntil seks månader |
Endring av verjemål for vaksne - Byte av verje - Endring av mandat |
Inntil åtte månader |
Oppnemning av verje for mindreårige | Inntil tre månader |
Søknad om samtykke frå statsforvaltaren i mindreårige-saker til å - ta hand om verjeansvaret åleine - disponere bankkonto åleine - drift av næringsverksemd |
Inntil tre månader |
Oppnemning av mellombels verje ved straffesaker og tilrettelagte avhøyr | Umiddelbart |
Godtgjering til verjer | Inntil tre månader |
Søknad om samtykke frå statsforvaltaren til å bruke kapital | Inntil seks veker |
Søknad om samtykke frå statsforvaltaren til å dele ut arveforskott og gåve |
Inntil atten månader. Utdeling av jolegåve, konfirmasjonsgåve, bryllaupsgåve og liknande blir handtert fortlaupande etter kapasitet, og venta saksbehandlingstid for desse disposisjonane er cirka 2-3 månader |
Søknad om samtykke frå statsforvaltaren til kjøp og sal av eigedom, gjeldsstifting og pantsetting | Inntil tre månader |
Stadfesting av at framtidsfullmakter er i kraft | Inntil to månader |
Oppnemning av mellombels verje ved skifte av dødsbu | Inntil to månader |
Kontroll av oppstilling over dødsbu med mindreårige arvingar | Inntil åtte månader |
Oppnemning av mellombels verje ved skifte av uskiftebu og oppnemning av mellombels verje i uskiftebu | Inntil tre månader |
Klagesaker | Inntil fire månader |
Sikker melding:
Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).
E-post:
For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.
Postadresse verjemålsseksjonen:
Postboks 7310, 5020 Bergen
Telefon:
Direkte til verjemålsseksjonen:
55 57 23 00
Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.
Kontaktpersonar:
Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar