Digitale løysingar

Statsforvaltaren har samla ei oversikt over digitale løysingar som kan vere nyttige for deg som verje. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.11.2022

Korleis kontakte Statsforvaltaren på sikker måte?

  • Vi ber om at du nytter skjema i Altinn for meldingar til verjemålseininga. Skjemaene finn du i Altinn og på www.vergemal.no/skjema
  • Sikker melding til statsforvaltaren kan bli nytta ved generelle meldingar til Statsforvaltaren som det ikkje finst eigne skjema for. 
  • Du som sender meldinga, må logge deg inn i Altinn som deg sjølv med eiga Min-ID/Bank-ID.

Postadresse

Post kan bli sendt til følgjande adresse:

Statsforvalteren i Vestland
Postboks 7310
5020 Bergen

E-postadressa til Statsforvaltaren i Vestland

sfvlpost@statsforvalteren.no

Hugs!

Ikkje bruk e-post når du skal sende personopplysningar og anna sensitiv informasjon.

Endring av postadresse i folkeregisteret

Ved oppstart av oppdraget bør du, i samråd med den som er under verjemål, ta stilling til om verjehavar sin postadresse skal endrast til verja si postadresse, som ei c/o-adresse.

Relativt raskt etter at du blir oppnemnd som verje, blir verjeoppnemninga registrert i folkeregisteret.

Etter at verjeoppnemninga er registrert i folkeregisteret, skal du kunne endre postadressa til den du er verje for elektronisk i skjemaet for å Endre postadresse på Skatteetaten sin heimeside. Logg inn med din eigne brukar, og legg inn fødselsnummeret til den personen du vil endre postadressa til. Hugs å ta bort deg sjølv. 

Alternativt, skal det gå an å endre postadressa på følgjande måte: 

  • Gå inn på Skatteetaten sin heimeside og velj «Skriv til oss».
  • Du må deretter logge deg inn og sende melding i Altinn om at du er verje, og oppgje namn og fødselsnummer på den du er verje for.
  • Oppgje ønska postadresse i meldinga.

Etter nokre dagar kjem melding om at folkeregisteret har endra postadressa.

Adresseendring og mellombels omadressering via posten

Posten tilbyr gratis vidaresending av post i to månader ved adresseendring hjå dei. Dette gjer at du kan få oversikt over dei fleiste som sender post til verjehavar, og endre postadressa til den avsendaren der det er relevant.

Du må sende inn skjemaet til posten for å melde flytting for verjehavar. Posten krev at du møter opp på postkontor eller post i butikk for innsending av skjemaet, og du må ha med verjefullmakta. Skjemaet for adresseendring finn du på Posten sine nettstader. 

Bestille skattemelding 

Korleis du bestiller kopi av skattemelding er omtalt på vergemal.no:

Slik bestiller verja skattemelding:

  • Gå til Skatteetatens heimesider og velj Kontaktskjema for privatpersonar 
  • Velj "åpne kontaktskjema".
  • Logg inn som deg sjølv- Velj tema = Skattemelding.
  • Fyll inn det aktuelle inntektsåret (svar nei på spørsmål om saksnummer).
  • Fyll inn overskrift: Verje- bestilling av skattemelding.
  • Skriv inn følgjande tekst: "På vegne av person med verge, fødselsnummer XXXXXXXXXXX bestilles skattemeldingen for det aktuelle året" (OBS: Viktig at fødselsnummeret til personen med verje blir skrivd som 11 samanhengande tal).
  • Gå til Oversikt - Skjema og vedlegg - legg ved verjefullmakta.
  • Trykk kontroller skjema, kvitter ut - Trykk vidare til signering. Sjekk at vedlegget blir registrert.
  • Trykk signer og send inn.

Verja kan berre bestille skattemelding for éin verjehavar per melding.

Bruk av verjehavar sine elektroniske identitetsløysingar

BankID

BankID er ein personleg identitetsnøkkel.

BankID blir utstedt av bankane etter særlege reglar. Mange av dei som har verje, får ikkje BankID.

Dersom verjehavar har BankID kan ikkje verja nytte seg av verjehavar sin BankID. Bruker du andre sin BankID, er det det same som at du utgjer deg for å vere eigaren av identitetsnøkkelen. 

Ei verje som har disposisjonsrett til ein verjehavar sin konto i ei bank, vil kunne bruke eiga BankID for å disponere kontoen.

BankID gjer tilgang til det høgste tryggleiksnivået, nivå 4.

Dette inneber at sjølv om det blir oppretta eit verjemål vil det ikkje gje verjehavar tilgang til tenester som krev tilgang med BankID.

MinID

MinID er personleg.

Du skal som hovudregel ikkje bruke verjehavar sin MinID.

Det er likevel tilhøve kor det er behov for at du kan få tilgang til t.d. verjehavar sin Altinn.

MinID gjer tilgang på tryggleiksnivå 3.

Tryggleiksnivå 3 vil gjere det mogleg å logge inn hjå NAV, men med avgrensa tenester samanlikna med BankID, som gjer tilgang til tryggleiksnivå 4.  

Kva tenester du får oversikt over med MinID-tilgang kan vere varierande. Du bør undersøke med dei ulike etatane når spørsmål om det oppstår.

Ei løysing for tilgang til verjehavar sin MinID er

  • Verja får verjefullmakt frå Statsforvaltaren ved oppnemninga
  • Verja tek kontakt med Skatteetaten og legitimerer seg med verjefullmakta, slik at postadressa til verja blir lagt inn som postadressa til verjehavar.
  • Verja sender kopi av verjefullmakta til Digitaliseringsdirekoratet (Digdir). Digdir nullstiller innloggings-profil i MinID på verjehavar – dersom det ligg føre ei slik innloggingsprofil. Du kan kontakte Digdirs brukarstøtte på brukerstotte@digdir.no eller på telefon 800 30 300. Dersom du ringer brukerstøtta, må du ha verjehavar sitt fulle fødsels- og personnummer klart.
  • Når Digdir nullstiller innloggingsprofilen blir det automatisk sendt ut eit aktiveringsbrev til den folkeregistrerte adressa til verjehavar. Alternativt kan du bestille aktiveringsbrev her
  • Du kan deretter gå inn på http://aktiveringsbrev.minid.digdir.no/?locale=nn og skrive inn aktiveringskoden for å opprette MinID-brukar. 
  • Når MinID-brukar er oppretta, må du velje innloggingsmetoden eingongskode på SMS.Det er viktig at verja legg til sitt eiga telefonnummer. Du kan lese meir om korleis du sett opp eingongskode på SMS i lenka i høgremargen.
  • Du kan då logge deg inn i Altinn og t.d. få tilgang til verjehavar sin skattemelding og skatteoppgjer.

 

Verjefullmakt

Statsforvaltaren utsteder i dag verjefullmakter som kan verifiserast digitalt.

I fullmakta får ei verje ulike fullmaktspunkt, som kan legitimere verja overfor ulike tredjeparter, og skal gje verja tilgang til ei eller fleire bestemte tenester.

Ein kan undersøke om fullmakta er gyldig digitalt på fullmakt.vergemal.no. Du må leggje inn etternamnet til den som har verje og koda som går fram av fullmakta.

Meir informasjon om digitale fullmakter finn du på www.vergemal.no.

Tilgang til Helse Noreg

Oppgåver knytt til spørsmål om helse er som utgangspunktet utanfor verja si rolle.

Som næraste pårørande kan det vere behov for tilganger til Helse Noreg. 

Du finn informasjon om korleis du bruker tenester på vegner av andre på Helse Noreg sine heimesider.

Det er særlege reglar om fullmakt på vegner av personar som manglar samtykkekompetanse. Informasjon om dette finn du på Helse Noreg sine heimesider

Digital postkasse

Digipost og E-boks er digitale postkasser.

Her kan du få post elektronisk istadenfor brev i vanleg postkasse.

Ved oppretting av Digipost, krevjast det BankID.

For deg som er verje er det utfordrande dersom verjehavar får posten sin frå det offentlige i Digipost. Løysinga er ikkje tilpassa eit verjemål, og det blir vanskeleg for verja å ta hand om interessene til personen med verje dersom han eller ho ikkje har dei nødvendige tilgangane. 

Avtale med Digipost kan bli deaktivert eller sagt opp. For å deaktivere eller seie opp digipost på vegner av den du er verje for, kan du fylle ut dette skjemaet og returnere det til Posten og Bring Kundeservice.

Bruk av Altinn ved levering av verjerekneskap

Dersom du leverer verjerekneskapen på Altinn, må du logge deg på med eiga brukar. Det er du som har plikt til å levere rekneskap, og det er du som skal vere avsendar av rekneskapen.

Dersom du bruker verjehavar sin tilgang i Altinn, ser det ut som at det er verjehavar som har sendt inn rekneskapen, og verjehavaren sitt namn er førehandsutfylt i felta for verje.

Korleis får verja tilgang til verjehavaren sin bankkonto?

Dersom du skal ha tilgang til verjehavaren sin bankkonto, må du ta kontakt med den aktuelle banken. Det er krav om at du legitimerer deg og viser fram verjefullmakta. Bankene har ulike krav for å gje deg tilgang til bankkonti. Nokre banker krev personleg oppmøte i banken, andre godtek digital stadfesting frå deg. Du må ta kontakt med den aktuelle banken der kontoen er, for å få informasjon om korleis verja skal gå frem.

Du kan få oversikt over verjehavaren sine kontoar ved å sjå på skattemeldinga med grunnlagsdata som Statsforvaltaren normalt legg ved oppnemninga.

Disposisjonsrett på bankkonto og verjehavar sitt behov for bruk av eigne midlar

Verjehavaren sitt bankkort og pinkode er personleg og kan ikkje bli overlatt til andre. Dette vil vere eit brot på avtalen mellom banken og kontoeigar.

I nokre tilhøve kan verjehavaren ikkje bruke eiga kort for å handle, eller ta ut kontantar. For å løyse verjehavaren sitt behov kan verja mellom anna:

  • inngå avtale med den lokale butikken om at det blir sendt faktura kvar månad
  • der verjehavar er på institusjon, be om at det blir oppretta ei konto for overføring av beløp til verjehavar. Ordininga gjeld kommunale heildøgnstilbod og langtidsplass i spesialisthelsetenesta – Sjukeheim, rus, psykiatri og andre heildøgnstilbod. Institusjonen forpliktar seg til å forvalte kontantytingar som blir innbetalt på bankkonto, altså resterande beløp etter at opphaldsbetalinga er betalt
  • inngå avtale med pårørande om å leggje ut for verjehavar, eller ta med pengar til ei kontantkasse, mot å få beløpet refundert ved innsending av kvittering for utlegget
  • be om at matkonto eller liknande blir oppretta i bustaden, som det kan bli innbetalt eit beløp til t.d kvar månad, og der verja har kontroll med bruken av midlane.
  • opprette avtale om kjøp av mat mv. frå nettbutikk

Det kan òg vere andre løysingar.

Der det ikkje er andre moglege løysningar, kan verja unntaksvis ta kontakt med Statsforvaltaren og be om stadfesting på at verja kan opprette konto i verjehavar sitt namn med kort til primærkontakt eller tilsvarande. Den aktuelle personen vil få eit eiga bankkort og eiga kode (ikkje verjehavaren sin) som kan bli brukt på vegner av den som er under verjemål for å ta hand om hans eller hennar behov. Verja sjølv vil berre ha innsynsrett på den aktuelle kontoen. Verja må kontrollere bruken.

Når det gjeld verjehavarar som bur i institusjon, er institusjonen pliktig til å opprette konto for å ta hand om verjehavaren sitt behov. Reglane om korleis kontantytingar skal bli disponert, finn ein i forskrift om disponering av kontantytinga. Leiinga ved institusjonen har disposisjonsrett, men kan gje fullmakt til den som kan ta midlar ut frå kontoen i institusjonen. Verja si oppgåve er å sørgje for at institusjonen følgjer forskrifta, og oppretter bebuarkontko etter vedtak, i tillegg til å kontrollere bruken.

Kontantuttak frå verje for overlevering til verjehavar, blir berre akseptert der verjehavar ikkje er i stand til å handtere bankkort og kode, og fysisk overlevering frå verja er einaste moglegheit for at verjehavar skal ha pengar til ønska innkjøp. 

Verjehavarar utan gyldig legitimasjon

Dersom du skal opprette konto i ei bank for ein person med verje og vedkommande ikkje har gyldig legitimasjon, har Finanstilsynet slått fast at bankane er pliktige til å godta verjefullmakta som tilstrekkeleg dokumentasjon for at konto kan bli oppretta. I tillegg må du sjølv leggje fram gyldig legitimasjon.

Du kan lese meir om dette i finanstilsynets rundskriv

Mine verjemål

I Mine verjemål har verja tilgang til informasjon om verjemål dei er registrert med i vårt saksbehandlingssystem Vera.

Lenka finn du på vergemal.no.

Du må logge deg inn med eiga MinID.

Under Mine verjemål ligg òg ei profil på verja med personopplysningar og verjeopplysningar.

I saksoversikta finn du personopplysningar og saksopplysningar, inkludert saksID på den eller dei du er verje for.

På kvar einskilde sak er det òg opplysningar om:

  • Pårørande.
  • Kva som er til saksbehandling hjå Statsforvalteren, og status på sakene.
  • Inneståande saldo og transaksjonar på kapitalkonto Statsforvaltaren disponerer på vegner av verjehavar.

 

Denne artikkelen (på bokmål) er henta frå nettstaden til Statsforvaltaren i Oslo og Viken. Statsforvaltaren i Vestland har gjort nokre mindre tilpasningar. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

sfvlpost@statsforvalteren.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar