Har du fått varsel om endring av verjemål og ny verjefullmakt?
Statsforvaltaren skal oppdatere alle verjefullmakter i eksisterande verjemål. Vi har derfor bedt alle verjer med oppdrag for Statsforvaltaren i Vestland, og alle verjehavarar busett i Vestland, om å fylle ut eit kartleggingsskjema.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Den nye verjefullmakta vil gi verja legitimasjon knytt til kvar enkeltoppgåve han eller ho utfører på vegner av verjehavar. Vi vil nytte dei ferdig utfylte skjema i arbeidet med å registrere kvar enkelt legitimasjon verja treng for å ivareta interessene til verjehavar.
Korleis fylle ut skjemaet
I skjemaet skal de huke av for dei enkeltoppgåvene verja hjelper verjehavar med i dag. Verjefullmakta skal tilpassast kvar enkelt verjehavar sitt behov. Det er derfor viktig at de berre huker av for den legitimasjonen som er relevant for verjemålet på noverande tidspunkt, og ikkje kva som kan bli aktuelt i framtida.
Døme:
- Hjelper verja verjehavar med å teikne abonnement på straum, og betaler rekningar i samsvar med straumavtala, skal de huke av for «Øvrige - Kjøp/leie av varer og tjenester» og «Øvrige - Disponere inntekter til å dekke utgifter»
Her kan det vere greitt å merke seg at legitimasjonen «Øvrige - Kjøp/leie av varer og tjenester» òg omfattar heving av avtaler, reklamasjon med meir.
- Viss verjehavar sjølv forvaltar sine eigne forsikringsavtalar utan hjelp frå verje, skal de ikkje huke av for alternativet «Forsikringsselskap - Forvalte forsikringsavtaler». Men om verja hjelper verjehavar med å betale forsikringspremien, skal de huke av for «Øvrige – Disponere inntekter til å dekke utgifter».
- Dersom verjehavar i framtida kan bli arving i eit dødsbu, er ikkje det noko verjehavar treng hjelp til i dag. De skal derfor i slike tilfelle ikkje huke av for legitimasjonar som «Tingretten - Begjære uskifte», «Tingretten - Privat skifte av dødsbo» og «Tingretten - Begjære skifte av uskiftebo».
Dei nye verjefullmaktene er tilpassa eit digitalt format
Når ordninga er på plass kan verja enkelt nytte fullmakta til å få tilgang til digitale tenester som verja ikkje har i dag.
Det vil og bli enklare å kontrollere om fullmakta er gyldig. Dei nye verjefullmaktene inneheld ei verifikasjonskode som erstattar signatur og stempel frå Statsforvaltaren. Ein kan enkelt sjekke om fullmakta framleis er gyldig ved å søkje opp verifikasjonskoden på fullmakt.vergemal.no.
Dei nye verjefullmaktene vil i større grad sikre rettstryggleiken til dei som har verje ved at fullmaktene til verja vert avgrensa til berre å gjelde dei oppgåver verjehavar har behov for av hjelp.
I dei nye verjefullmaktene finn de ei liste over kva for enkeltoppgåver verjefullmakta omfattar. Døme på gammal og ny verjefullmakt finn de her.
Dersom verja til dømes har tilgang til å representere verjehavar i spørsmål som gjeld uføretrygd, har verja fullmakt på tenesteområdet «Nav», avgrensa til å gjelde enkeltoppgåva «Pensjon». Er det òg naudsynt å hjelpe verjehavar med å søkje om hjelpemidlar frå Nav, kan vi leggje til legitimasjonen utan å endre verjemålet og mandatet til verja.
Dersom verja ikkje allereie har fullmakt til å representere verjehavar på Nav som tenesteområde, må vi opprette ei endre-sak og fatte nytt vedtak i saka.
Den gamle verjefullmakta vil vere gyldig fram til verja har motteke ny verjefullmakt.
Lenker
Dokumenter
Sikker melding:
Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).
E-post:
For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.
Postadresse verjemålsseksjonen:
Postboks 7310, 5020 Bergen
Telefon:
Direkte til verjemålsseksjonen:
55 57 23 00
Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.
Kontaktpersonar:
Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar