Praksisendring for krav til dokumentasjon ved sal av eigedom
Statsforvaltaren i Vestland vil ikkje lenger krevje at det leggjast ved takst frå takstmann ved søknader om sal av eigedom. Vi vil samstundes heller ikkje krevje at takstmann set verdi på bustaden som skal seljast.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Heretter gjeld følgjande:
Søknaden må vere grunngitt, og det må leggjast ved verdivurdering frå meklar eller frå bygningssakkunnig.
Gjeld det sal direkte til familiemedlem, må det leggjast ved minimum 2 verdivurderingar frå meklarar eller frå bygningssakkunnige.
Dei andre krava til dokumentasjon gjeld framleis. Sjå her for meir informasjon.
Sikker melding:
Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).
E-post:
For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.
Postadresse verjemålsseksjonen:
Postboks 7310, 5020 Bergen
Telefon:
Direkte til verjemålsseksjonen:
55 57 23 00
Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.
Kontaktpersonar:
Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar