Tilsyn med Årdal kommune som barnehagemyndigheit

Dato:
15. september 2020 - 13. januar 2021
Sted:
Årdal
Kommune:
Årdal kommune
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland

Temaet for tilsynet var barnehagemyndigheita si rettleiing og tilsyn. Vi fann brot på deltema risikovurdering og tilsyn.

Publisert 25.01.2021

Vi opna tilsyn med Årdal kommune den 15. september 2020.

Sidan tilsynet vart opna før endringane i barnehagelova, blir det i denne rapporten vist til dei tidlegare føresegnene i lova. Dei tidlegare føresegnene viste og til Fylkesmannen som tilsynsmyndigheit, men det er no Statsforvaltaren som gjer vedtak om pålegg. I denne tilsynsrapporten vil vi difor vise til Statsforvaltaren som tilsynsmyndigheit, sjølv om lovtilvisingane ikkje samsvarar med dette.

Statsforvaltaren har funne at Årdal kommune ikkje etterlever regelverket på alle område. Vi har difor gjort vedtak om pålegg når det gjeld risikovurdering og tilsyn.

Du finn tilsynsrapporten i høgremenyen.

Dato:
15. september 2020 - 13. januar 2021
Sted:
Årdal
Kommune:
Årdal kommune
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland