Tilsyn med Masfjorden kommune om tilrettelagt tilbod i barnehage
- Dato:
- 5. desember 2018 - 13. mars 2019
- Sted:
- Dokumenttilsyn
- Ansvarlig:
- Fylkesmannen v/Bodhild Therese Cirotzki og Øystein Horn
- Målgruppe:
- Kommunen
Tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit med tema, tilrettelagt tilbod for barn med nedsett funksjonsevne, barnehagelova § 19 g.
Publisert 30.08.2019
Kort om tilsynet
Fylkesmannen har i tilsynet kontrollert om Masfjorden kommune sikrar at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt tilbod etter barnehagelova § 19 g.
Fylkesmannen sitt tilsyn kontrollerer om kommunen:
- informerer om barnehagelova § 19 g
- har rutine og praksis som fangar opp barn med behov for tilrettelegging
- gjer vedtak om tilrettelegging etter barnehagelova § 19 g
- generelle sakshandsamingsreglar
Tilsynet er gjennomført som dokumenttilsyn, og Fylkesmannen sine vurderingar og konklusjonar er basert på den skriftlege dokumentasjonen frå kommunen.
Konklusjon på tilsynet var brot på regelverket. Masfjorden kommunen sikrar ikkje at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna tilrettelagt tilbod etter barnehagelova § 19 g.
- Dato:
- 5. desember 2018 - 13. mars 2019
- Sted:
- Dokumenttilsyn
- Ansvarlig:
- Fylkesmannen v/Bodhild Therese Cirotzki og Øystein Horn
- Målgruppe:
- Kommunen