Tilbod til barn og unge med behov for langvarig/samansett oppfølging

Søknadsfrist:
1. mars 2019
Målgruppe:
Barn og unge med psykiske/rusrelaterte problem og lidingar som treng tidleg utgreiing, behandling, oppfølging og støtte, samt dei som lever med høg risiko for å utvikle psykososiale vanskar og deira familiar
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunar, statlege føretak (RHF, HF) og kommunar og helseføretak i lag
Rapporteringsfrist:
1. april 2020

Tilskot frå kapittel 765 post 60 skal bidra til å styrkje tilbodet til barn og unge som har behov for langvarig/samansett oppfølging ved å etablere heilskaplege, samtidige og verksame tenester frå ulike nivå og sektorar.

Publisert 04.02.2019

Nytt i 2019

Den tidlegare tilskotsordninga på kapittel 765 post 60 er delt i to:

  • Tilbod til barn og unge med behov for langvarig/samansett oppfølging
  • Tilbod til vaksne med langvarige og samansette behov for tenester

Det er eige regelverk for kvar ordning. Helsedirektoratet presiserer at dei likevel skal sjåast i samanheng.

Les regelverket for tilskotsordninga om tilbod til barn og unge nøye før de fyller ut søknadsskjemaet.

Sjå særleg kapittel 4 om tildelingskriterium.

Søknadsskjemaet og regelverket for tilskotsordninga som gjeld barn og unge med behov for langvarig/samansett oppfølging finn de under fana «Dokument». De kan også lese om tilskotsordninga på nettsida til Helsedirektoratet.

Søknaden med vedlegg skal sendast som e-post til vårt postmottak innan 1. mars 2018. Adressa er: fmvlpost@fylkesmannen.no

Merk søknaden med vår referanse 2019/3354

Rapportering på tilskot 2018

De skal bruke rapporteringsskjemaet som ligg på nettsida til Helsedirektoratet.

https://helsedirektoratet.no/tilskudd/tilbud-til-mennesker-med-langvarige-ogeller-sammensatte-tjenestebehov

Rapporteringsfristen er 01.04.19. Revisorattestert rekneskap skal sendast innan 01.04.2019.

Søknadsfrist:
1. mars 2019
Målgruppe:
Barn og unge med psykiske/rusrelaterte problem og lidingar som treng tidleg utgreiing, behandling, oppfølging og støtte, samt dei som lever med høg risiko for å utvikle psykososiale vanskar og deira familiar
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunar, statlege føretak (RHF, HF) og kommunar og helseføretak i lag
Rapporteringsfrist:
1. april 2020