Investeringsmidlar til tiltak i beiteområde 2019
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2019 23:59
- Målgruppe:
- Beitelag
- Ansvarlig:
- FMVL Landbruksavdelinga
- Hvem kan søke:
- Beitelag
Fylkesmannen i Vestland lyser med dette ut investeringsmidlar til tiltak i beiteområde for 2019. Totalt er ramma på 2 300 000 kroner.
Om tilskot til tiltak i beiteområde
Formålet med tilskotet er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda.
Midlane skal forvaltast i tråd med Forskrift om tilskudd til tiltak i beiteområder (FOR-2013-02-04-206). Generelt kan det gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beiting i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære. Døme på aktuelle tiltak:
- Sanke- og skiljeanlegg
- Bruer dimensjonert for dyr og folk
- Sperregjerder for å sikre at dyr ikkje kjem over i farleg område
- Gjetarhytter/sankehytter
- Elektronisk overvakingsutstyr
Prioriteringar for 2019
- Investeringar i teknologi knytt til beitebruk
- Faste installasjonar og kostnadskrevjande investeringar
Rettleiande timesatsar for eige arbeid
- Manuelt utført eige arbeid (inkl. motorsag o.l): 350 kr/time
- Bruk av traktor : 600 kr/time
- Gravemaskin: 800kr/time (eller etter rekning)
Tilskotssatsen vert tilpassa søknadsmengda.
Søknad
Beitelag sender søknad om tilskot til kommunen.
Søknadsfrist 1. mars 2019. Du finn søknadsskjema i feltet til høgre. Hugs naudsynte vedlegg, som kart og løyver mm. Kommunen sender søknaden vidare til fylkesmannen si landbruksavdeling saman med sin uttale innan 22. mars.
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2019 23:59
- Målgruppe:
- Beitelag
- Ansvarlig:
- FMVL Landbruksavdelinga
- Hvem kan søke:
- Beitelag