Tilskot til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar for 2025

Søknadsfrist:
21. august 2025 23:59
Målgruppe:
Nykomne minoritetsspråklege elevar
Ansvarlig:
Statsforvaltaren v/Celine Lunder
Hvem kan søke:
Kommunar i Vestland fylke
Rapporteringsfrist:
1. desember 2025 23:59

Kommunar i Vestland kan søkje om tilskot til symjeopplæring. Søknadsfrist er 21. august 2025.

Publisert 20.02.2025

Føremålet med tilskotet

Mange nykomne minoritetsspråklege elevar har ikkje gjennomført symjeopplæring. Denne gruppa er òg overrepresentert i ulykker på grunn av manglande symjeferdigheiter. I læreplan kroppsøving er det eit kompetansemål om at elevane skal vere symjedyktige etter 4. årssteg.

Målet med tilskotet er å redusere risikoen for ulykker ved bading, og å setje elevane i betre stand til å nå kompetansemåla i læreplanen.

Målgruppe

Hovudmålgruppa for tilskotet er nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne i grunnskuleopplæringa. Dersom kommunen ser at det er andre elevar som ikkje kan symje eller ikkje har deltatt i symjeundervisninga, kan desse ta del i symjeopplæringa. Dei inngår ikkje i tildeling av midlar per elev.

Tildelingskriteria

Tilskotet skal i sin heilskap nyttast til aktivitetar relatert til symjeopplæring. Kommunane vel sjølv korleis dei vil organisere opplæringa. Fleire kommunar kan òg samarbeide om å etablere eit opplæringstilbod.

  • Symjeopplæringa kan bli gjeve i løpet av skuletida eller etter skuletid.
  • Det kan berre søkjast om tilskot for eitt kalenderår om gongen.
  • Det er mogleg å søkje om inntil kr 2000 per elev. Kommunane må dekkje andre kostnader sjølv.
  • Søknader som skildrar samarbeid mellom kommune og frivillige organisasjonar blir prioritert.

Vi betalar ut tilskotsmidlar til aktuelle søkjarar så langt behaldninga rekkjer.  

Rapportering

Kommunane skal rapportere følgjande til statsforvaltaren innan 1. desember 2025:

  • Tal minoritetsspråklege barn, unge og vaksne som har gjennomført symjeopplæring.
  • Kven som har mottatt midlar til symjeopplæring. Namn på kommunar, skular og frivillige organisasjonar som har vore involvert.

De finn rapporteringsskjema i høgremenyen.

Nyttige lenkjar

Læreplan i kroppsøving med kompetansemål etter 4. årssteg (Utdanningsdirektoratet)
Symjedyktig.no
Informasjon frå Utdanningsdirektoratet om tilskot til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar

Søknadsfrist:
21. august 2025 23:59
Målgruppe:
Nykomne minoritetsspråklege elevar
Ansvarlig:
Statsforvaltaren v/Celine Lunder
Hvem kan søke:
Kommunar i Vestland fylke
Rapporteringsfrist:
1. desember 2025 23:59