Tilskot til kompetansehevande tiltak for lindrande behandling og omsorg
- Søknadsfrist:
- 2. mars 2025 23:59
- Målgruppe:
- Leiarar og tilsette i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Endeleg målgruppe er pasientar som treng lindrande behandling og omsorg, uavhengig av diagnose og deira pårørande. Det kan vere pasientar med alvorleg/livstruande sjukdom og eldre med alvorleg skrøpelegheit med begrensa forventa levetid.
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Hvem kan søke:
- kommunar i Vestland og Rogaland
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2026 23:59
Formålet med tilskotsordninga er å styrke kvaliteten i tilbodet til pasientar som treng lindrande behandling og omsorg og deira pårørande. Det skal også bidra til å bygge opp kompetanse i kommunane.
Tilskotet skal også bidra til samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar om kompetansehevande tiltak og bidra til at pårørande blir teke vare på.
Kommunar og bydelar, her under vertskommunar for Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester (USHT), kan søkje. Ved interkommunale tiltak eller prosjekt må ein einskild kommune stå som formell søkjar. Ved interkommunale tiltak eller prosjekt bør de legge ved samarbeidsavtale i søknaden.
Ved fleire søknadar frå same kommune, innanfor dette tilskotet, må kommunen prioritere søknadene, og samle dei i éin oversending.
Kommunar i Vestland og Rogaland skal sende søknadsskjema og rapporteringsskjema til Statsforvaltaren i Vestland, som vedlegg i e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no
Vi oppfordrar kommunar til å søkje råd og rettleiing hos Regionale kompetansesenteret for lindrande behandling når de utformar prosjekt og søknad.
Tilskotet blir forvalta i eit samarbeid mellom dei regionale kompetansesentera for lindrande behandling og Statsforvaltaren. Søknader blir handsama innan 23. mai 2025.
Du finn søknadsskjema og rapporteringsskjema under «Dokument».
Rapporteringsfrist for tilskot motteke i 2024, er 2. mars 2025.
Du finn regelverk og meir informasjon om tilskotet på heimesida til Helsedirektoratet.
Digitalt møte om tilskot i januar
Vi arrangerer eit digitalt møte om tilskotsordningane vi forvaltar på helse-, sosial- og barnevernsfeltet 24. januar. Meir informasjon og moglegheit for påmelding kjem på følgjande side: Digitalt møte om tilskot på helse-, sosial- og barnevernsfeltet
- Søknadsfrist:
- 2. mars 2025 23:59
- Målgruppe:
- Leiarar og tilsette i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Endeleg målgruppe er pasientar som treng lindrande behandling og omsorg, uavhengig av diagnose og deira pårørande. Det kan vere pasientar med alvorleg/livstruande sjukdom og eldre med alvorleg skrøpelegheit med begrensa forventa levetid.
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Hvem kan søke:
- kommunar i Vestland og Rogaland
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2026 23:59
Kontaktpersoner
-
Beate Helland
Tlf: 55 57 22 15