Kommunalt rusarbeid for 2025

Søknadsfrist:
1. mars 2025 23:59
Målgruppe:
Personar som er i risiko for å utvikle, eller har rusmiddelrelaterte problem, og deira pårørande
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
1. mars 2025 23:59

Statsforvaltaren lyser ut tilskot til kommunalt rusarbeid med søknadsfrist 1. mars 2025.

Publisert 04.11.2024

Tilskotet skal bidra til betra livskvalitet, meistring og mogelegheit for eit aktivt og meiningsfylt tilvære for personar med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande. Dette kan kommunane oppnå ved å styrke tilboda innan førebygging, tidleg intervensjon, behandling og oppfølging.

Tilbod med høg grad av medverknad og samarbeid blir prioritert

Kommunar som får tilskot, skal utvikle, gjennomføre og evaluere tiltak i lag med brukarar og pårørande.

Ved tildeling av midlar prioriterer vi tilbod som dokumenterer høg grad av brukar- og pårørandemedverknad, samarbeid med brukar- og pårørandeorganisasjonar og andre frivillige/ideelle eller offentlege tenester. Ved samarbeid med andre aktørar, kan kommunen søkje om tilskot til å dekkje utgiftene for desse. Vi oppmodar små kommunar om å vurdere interkommunalt samarbeid om utvikling av tilbod.

Det er også eit prioritert formål med ordninga å stimulere kommunane til å etablere oppsøkjande verksemd, særleg retta mot barn og unge. Siktemålet er førebyggje psykiske helseproblem og avgrense skadane som rusmiddelbruk kan medføre. Oppsøkande team/utekontaktar bør vere tverrsektorielle og fleirfaglege, til dømes med medarbeidarar frå helse- og sosialtenesta.

Les meir om bakgrunn og mål for tilskotet på nettsida til Helsedirektoratet. 

Søknad og rapportering

Det er viktig at de gjer dykk godt kjende med regelverket før de skriv søknaden. Fullstendig regelverk finn de på heimesida til Helsedirektoratet.

Søknad for 2025, og rapportering på tilskot for 2024, sender de via den digitale søknads- og rapporteringsløysinga til Statsforvaltaren.

Du finn digitalt søknads- og rapporteringsskjema ved å følgje denne lenkja: Søknad og rapportering - Tilskot til kommunalt rusarbeid - Kap. 765 post 62 - sf 

Har du spørsmål av fagleg karakter, kan du ta kontakt med Siri Mæland, som du finn under «Kontaktpersonar». 

Har du spørsmål som gjeld teknisk støtte til søknads- og rapporteringsskjemaet, kan du kontakte brukarservice på e-post hjelp@statsforvalteren.no eller via denne lenkja: Har du tekniske problemer med skjema? | Statsforvalterens fellestjenester 

Søknadsfrist:
1. mars 2025 23:59
Målgruppe:
Personar som er i risiko for å utvikle, eller har rusmiddelrelaterte problem, og deira pårørande
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
1. mars 2025 23:59