Tilskot til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar for 2024
- Søknadsfrist:
- 21. august 2024 15:00
- Målgruppe:
- Hovudmålgruppa er nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne som er omfatta av grunnskuleopplæringa.
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren v/ Celine Lunder
- Hvem kan søke:
- Kommunane
- Rapporteringsfrist:
- 1. desember 2024
Kommunar kan no søkje om tilskot til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar.
Om tilskotsordninga
Mange nykomne minoritetsspråklege elevar har ikkje gjennomført symjeopplæring. Denne gruppa er òg overrepresentert i ulykker på grunn av manglande symjeferdigheiter. Vidare er det eit mål i læreplanane at elevane skal vere symjedyktige etter 4. årssteg.
Målet med tilskotsordninga er å redusere risikoen for ulykker i samband med bading, og å setje elevane betre i stand til å nå kompetansemåla i læreplanen.
Målgruppa
Hovudmålgruppa er nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne som er omfatta av grunnskuleopplæringa. Dersom kommunen ser at det er andre elevar som ikkje kan symje eller har hatt moglegheit til å delta i symjeundervisninga, kan òg desse ta del i symjeopplæringa, men dei inngår ikkje i tildeling av midlar per elev.
Tildelingskriteria
Kommunar kan søkje om tilskot. Det er mogleg å søkje om inntil kr 2000 per elev i 2024. Det kan berre søkjast om tilskot for eitt kalenderår om gongen.
- Kommunar vel sjølv korleis opplæringa skal organiserast og gjennomførast. Symjeopplæringa kan givast i laupet av skuletida eller etter skuletid.
- Fleire kommunar kan òg samarbeide om å etablere eit opplæringstilbod.
- Søknadar som skildrar samarbeid mellom kommune og frivillige organisasjonar vil bli prioritert.
- Tilskotet skal i sin heilskap nyttast til aktivitetar relatert til symjeopplæring.
Søknadsfrist
Fristen for å søkje om tilskot er sett til 21. august 2024. Vi gjer merksam på at vi berre har ein viss sum, kor vi utbetaler tilskotsmidlar til aktuelle søkjarar så langt behaldninga rekkjer. De finn søknadsskjemaet i høgremenyen.
- Søknadsfrist:
- 21. august 2024 15:00
- Målgruppe:
- Hovudmålgruppa er nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne som er omfatta av grunnskuleopplæringa.
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren v/ Celine Lunder
- Hvem kan søke:
- Kommunane
- Rapporteringsfrist:
- 1. desember 2024
Kontaktpersoner
-
Celine Lunder
Tlf: 57 64 31 06