Tilskot til oppfølging av vaksne med behov for langvarig oppfølging og samansette tenester

Søknadsfrist:
7. april 2024 23:59
Målgruppe:
Vaksne med alvorlege psykiske helseutfordringar og eller rusmiddelproblematikk og eventuell samtidig valdsproblematik, som har langvarige og samansette behov for behandling, rehabilitering, oppfølging og støtte
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunar og interkommunale selskap. Sjå tillegg og presiseringar under punkt 3 i regelverket
Rapporteringsfrist:
1. april 2024 23:59

Tilskotet skal styrke tilbodet til personar med behov for langvarige og samansette tenester.

Publisert 12.02.2024, Oppdatert 13.03.2024

Ifølgje regelverket blir søknadene behandla etter følgjande prioritet:

  1. prioritet: Tilskot til ACT- og FACT-team
  2. prioritet: Tilskot til andre allereie utprøvde kunnskapsbaserte modellar, sjå nærare omtale i regelverket for tilskotet.

Tenestetilboda skal utviklast og setjast i verk saman med brukarar eller pasientar.

Søknad om tilskot 2024

Vi oppmodar søkjarane om å lese regelverket nøye før dei fyller ut søknadsskjemaet. Det er gjort nokre endringar i regelverket for 2024.

De finn søknadsskjema og regelverk under "Dokument" på denne sida. De kan også lese om tilskotsordninga og finne søknadsskjema og regelverk på heimesida til Helsedirektoratet.

Søknadsskjemaet sender de som vedlegg i e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no innan 7. april.

Rapportering på tilskot for 2023

Skjema for rapportering finn de under "Dokument" på denne sida og på tilskotssida til Helsedirektoratet.

Oppdatering 13. mars: Vi har oppdatert rapporteringsskjemaet som du finn under "Dokument". Revisorattest er ikkje nødvendig å sende inn, og er difor fjerna i det oppdaterte skjemaet.

Rapporteringsskjemaet sender de som vedlegg i e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 1. april 2024.

Søknadsfrist:
7. april 2024 23:59
Målgruppe:
Vaksne med alvorlege psykiske helseutfordringar og eller rusmiddelproblematikk og eventuell samtidig valdsproblematik, som har langvarige og samansette behov for behandling, rehabilitering, oppfølging og støtte
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunar og interkommunale selskap. Sjå tillegg og presiseringar under punkt 3 i regelverket
Rapporteringsfrist:
1. april 2024 23:59