Tilskot til oppfølging av barn og unge med psykiske helseutfordringar og rusmiddelrelaterte problem

Søknadsfrist:
7. april 2024 23:59
Målgruppe:
Barn og unge med psykiske helseutfordringar eller rusmiddelrelaterte problem som har behov for førebygging, utgreiing, behandling og oppfølging, og dei som lever med høg risiko for å utvikle alvorleg funksjonsnedsetting og deira familiar. For prioritet 2: barn og unge med psykiske helseutfordringar og rusmiddelrelaterte problem, eller reaksjonar på belastande livshendingar .
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunar og interkommunale selskap, sjå i regelverket under kapittel 3
Rapporteringsfrist:
1. april 2024 23:59

Tilskotet skal styrke tilbodet til barn og unge med psykiske helseutfordringar og rusmiddelrelaterte problem.

Publisert 13.02.2024, Oppdatert 13.03.2024

Tilskotet skal stimulere til heilskaplege tenester og forpliktande samhandling mellom ulike nivå og sektorar – mellom kommunar og spesialisthelsetenester, mellom kommunale tenester og gjennom interkommunale samarbeid.

Tenestetilbodet skal utviklast og setjast i verk saman med brukarar/pasientar. 

Prioriteringar

Ifølgje regelverket blir søknadene behandla etter følgjande prioritet:

1. prioritet: Delfinansiering av etablering og drift av tverrfagleg oppsøkande behandlings- og oppfølgingsteam for barn og unge etter modell av Flexible Assertive Community Treatment ung (FACT ung). 

Søkjarar til FACT ung-team må setje seg grundig inn i FACT-modellen. Les meir om FACT-ung på heimesidene til NAPHA

2. prioritet: Utvikling, tilpassing og etablering av psykiske helsetenester for barn og unge med utgangspunkt i nasjonal rettleiar for psykisk helsearbeid barn og unge. 

Tilskotet skal primært nyttast til stillingar knytt til planlegging, utvikling, tilpassing og etablering av psykiske helsetenester/tilbod. Statsforvaltaren kan etter ei skjønnsmessig vurdering dekke opplæring/kurs og andre nødvendige tiltak.  

Søkje om tilskot

De finn søknadsskjema og regelverk under "dokument" på denne sida. De kan også lese om tilskotsordninga og finne søknadsskjema og regelverk på heimesida til Helsedirektoratet

Søknadsskjemaet sender de som vedlegg i e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no innan 7. april 2024.

Rapportering på tilskotet for 2023

Skjema for rapportering og skjema for eigenerklæring (økonomirapport) finn de under "Dokument" på denne sida, og på heimesida til Helsedirektoratet. 

Oppdatering 13. mars: Vi har oppdatert rapporteringsskjemaet som du finn under "Dokument". Revisorattest er ikkje nødvendig å sende inn, og er difor fjerna i det oppdaterte skjemaet.

Rapporteringsskjema sender de som vedlegg i e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no innan 1. april 2024.

Presiseringar

Ifølgje regelverket er det tilrådd å gjennomføre forprosjekt for prioritet 1 og 2.

Søkjarane skal bruke søknadsskjema 2024, rapporteringsskjema 2023 og økonomirapportering 2023 som de finn under "Dokument". Les regelverket nøye før de skriv søknad og fyller ut rapporteringsskjema.

Søknadsfrist:
7. april 2024 23:59
Målgruppe:
Barn og unge med psykiske helseutfordringar eller rusmiddelrelaterte problem som har behov for førebygging, utgreiing, behandling og oppfølging, og dei som lever med høg risiko for å utvikle alvorleg funksjonsnedsetting og deira familiar. For prioritet 2: barn og unge med psykiske helseutfordringar og rusmiddelrelaterte problem, eller reaksjonar på belastande livshendingar .
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunar og interkommunale selskap, sjå i regelverket under kapittel 3
Rapporteringsfrist:
1. april 2024 23:59