Tilbod til barn og unge med psykiske plager og problematisk rusmiddelbruk og behov for samansette tenester
- Søknadsfrist:
- 31. mars 2023 23:59
- Målgruppe:
- Barn og unge med psykiske- eller rusrelaterte problem som har behov for førebygging, utgreiing, behandling og oppfølging, og dei som lever med høg risiko for å utvikle alvorleg funksjonsnedsetting og deira familiar. Barn og unge med behov for langvarig oppfølging og samansette tenester. Barn og unge med psykiske plager og problematisk rusmiddelbruk.
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Hvem kan søke:
- Kommunar, sjå tillegg og presiseringar i regelverket (punkt 3).
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2023 23:59
Tilskotet skal styrke tilbodet til barn og unge som har behov for langvarig, tilpassa og/eller samansett oppfølging. Vi har oppdatert utlysinga med eit webinar om korleis søkje om FACT ung.
Tilskotet heitte tidlegare «Tilbod til barn og unge med behov for langvarig og samansett oppfølging».
Tilskotet skal stimulere til heilskapelege tenester og forpliktande samhandling mellom ulike nivå og sektorar – mellom kommunar og spesialisthelsetenster, mellom kommunale tenester og gjennom interkommunale samarbeid.
Tenestetilbodet skal utviklast og setjast i verk saman med brukarar/pasientar.
Søknad om tilskot 2023
Det er gjort nokre endringar og tydeleggjeringar i regelverket for i år. Vi oppmodar difor om å lese regelverket nøye før de fyller ut søknadsskjemaet. Søkarar til FACT ung-team må setje seg grundig inn i FACT-modellen.
Søknadsskjema og regelverk finn de på heimesida til Helsedirektoratet.
Søknadsskjemaet skal sendast som vedlegg i e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no innan 31. mars 2023.
Webinar om FACT ung
Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA) har laga eit webinar for kommunar, som saman med helseføretak, vil søke om forprosjekt til FACT ung. Webinaret er tilgjengeleg på NAPHA si heimeside.
Rapportering på tilskot 2022
Skjema for rapportering finn de på tilskotssida til Helsedirektoratet.
Rapporteringsskjemaet skal sendast som vedlegg i e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no innan 1. april 2023.