Kommunalt rusarbeid - ny innretting
- Søknadsfrist:
- 5. mars 2023 23:59
- Målgruppe:
- Personar som er i risiko for å utvikle, eller har rusmiddelrelaterte problem, og deira pårørande
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Hvem kan søke:
- Kommunar
- Rapporteringsfrist:
- 5. mars 2023 23:59
Statsforvaltaren lyser ut tilskot til kommunalt rusarbeid med søknadsfrist 5. mars.
Ved å styrke tilboda innan førebygging, tidleg intervensjon, behandling og oppfølging, skal tilskotet bidra til betra livskvalitet, meistring og mogelegheit for eit aktivt og meiningsfylt tilvære for personar med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande
Tilbod med høg grad av medverknad og samarbeid blir prioritert
Kommunar som får tilskot til tiltak, skal utvikle, gjennomføre og evaluere i lag med brukarar og pårørande. Ved tildeling av midlar vert tilbod som dokumenterer høg grad av brukar- og pårørandemedverknad, samarbeid med brukar- og pårørandeorganisasjonar og andre frivillige/ideelle eller offentlege tenester, prioritert. Ved samarbeid med andre aktørar, kan kommunen søkje om å tilskot til å dekkje utgiftene for desse. Små kommunar vert oppmoda om å vurdere interkommunalt samarbeid om utvikling av tilbod.
Eit prioritert formål med ordninga er også å få kommunane til å etablere oppsøkjande verksemd, særleg retta mot barn og unge.
Les meir om bakgrunn og mål for tilskotsordninga på nettsida til Helsedirektoratet.
Søknad og rapportering
Det er viktig at de gjer dykk godt kjende med regelverket før de skriv søknaden. Fullstendig regelverk finn du på heimesida til Helsedirektoratet.
Søknad for 2023, og rapportering på tilskot for 2022, sender du via den digitale søknads- og rapporteringsløysinga til Statsforvaltaren.
Du finn digitalt søknads- og rapporteringskjema ved å følgje denne lenkja.
Har du spørsmål av fagleg karakter, kan du ta kontakt med Siri Mæland, som du finn under «Kontaktpersonar».
Spørsmål som gjeld teknisk støtte til søknads- og rapporteringsskjemaet, kan rettast til: https://www.statsforvalteren.no/hjelp.
- Søknadsfrist:
- 5. mars 2023 23:59
- Målgruppe:
- Personar som er i risiko for å utvikle, eller har rusmiddelrelaterte problem, og deira pårørande
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Hvem kan søke:
- Kommunar
- Rapporteringsfrist:
- 5. mars 2023 23:59
Kontaktpersoner
-
Siri Mæland
Tlf: 55 57 22 00