Kommunalt kompetanse- og tenesteutviklingstilskot 2023
- Søknadsfrist:
- 15. mars 2023 23:59
- Målgruppe:
- Tilsette i helse- og omsorgstenestene, og brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Hvem kan søke:
- Kommunar, fylkeskommune, universitet og høgskular. Kommunar kan gjerne søke i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, frivillig sektor, utdanningsinstitusjonar, næringsliv eller andre
- Rapporteringsfrist:
- 15. mars 2023 23:59
Tilskot til kompetansehevande tiltak og utviklingsarbeid for å styrke kommunane si evne til å møte framtidas utfordringar på helse- og omsorgsfeltet og utvikle berekraftige og gode omsorgstenester.
Nytt søknadsskjema for 2023 finn du under «Dokument». Regelverket er revidert for 2023.
Les meir om tilskotet og nytt regelverk på heimesida til Helsedirektoratet.
Søknad sender de til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 15. mars 2023.
Tildelingskriterium
- Det kan gjevast tilskot til følgjande kompetansetiltak: utdanning på vidaregåande nivå/fagbrev (helsefagarbeidar mv.), medrekna kvalifisering av tilsette utan formell fagutdanning, fagskuleutdanning, bachelorutdanning i helse- og sosialfag, vidareutdanning, mastergradutdanning og ABC-opplæring.
- Det kan gjevast tilskot til opplæring om brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Opplæringa av arbeidsleiarar, saksbehandlarar og assistentar skal vere i tråd med opplæringsplan/kompetanseplan.
- Det kan gjevast tilskot til tenesteutviklingsprosjekt. Søknaden må mellom anna innehalde mål og målgrupper, tiltak, eventuelle samarbeidspartar, forventa effektar, leiarforankring, og brukarmedverknad. Kvar kommune kan søke om maksimalt fem utviklingsprosjekt. Oppretting og utprøving av modellar for fleksible kommunale avlastingstilbod til pårørande er eit viktig tiltak knytt til regjeringas pårørandestrategi med handlingsplan. Delar av tenesteutviklingstilskotet er øyremerka til dette tiltaket.
Andre tildelingskriterium, prioriteringar og regelverk for ordninga kan du lese om på nettsida til Helsedirektoratet og i brevet frå Statsforvaltaren.
Rapportering for 2022
Kommunane skal rapportere innan 15. mars 2023 på kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot som vart tildelt i 2022. Bruk rapporteringsskjema de fekk tilsendt saman med tildelinga for 2022. For tilskot frå kr 200 000 er det krav om revisorattestasjon. Nye søknader for 2023 vil ikkje verte behandla før vi har motteke rapporteringa for 2022.
- Søknadsfrist:
- 15. mars 2023 23:59
- Målgruppe:
- Tilsette i helse- og omsorgstenestene, og brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Hvem kan søke:
- Kommunar, fylkeskommune, universitet og høgskular. Kommunar kan gjerne søke i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, frivillig sektor, utdanningsinstitusjonar, næringsliv eller andre
- Rapporteringsfrist:
- 15. mars 2023 23:59
Kontaktpersoner
-
Anne Eli Wangen
Tlf: 57 64 31 65 -
Beate Helland
Tlf: 55 57 22 15 -
Kristine Mjelstad
Tlf: 55 57 22 50