Tilskot til tiltak mot framande organismar

Søknadsfrist:
15. januar 2023 23:59
Målgruppe:
Regionale og nasjonale frivillige organisasjonar, institusjonar og private verksemder
Ansvarlig:
Miljødirektoratet

Tilskotsordninga skal medverke til å hindre negativ påverknad på naturmangfaldet frå framande, skadelege artar. 

Publisert 03.01.2022, Oppdatert 03.01.2023

Kva for tiltak kan få tilskot

Berre søknadar som fell inn under kategoriane under vil bli realitetshandsama i 2023:

  • Tiltak mot pukkellaks.
  • Tiltak mot utanlandske treslag i form av større tiltak (minimum 0,5 millioner kroner omsøkt) som er knytt til truga naturtypar, truga arter og nær verneområde.
  • Tiltak mot havnespy (Japansk sjøpung).
  • Nasjonale informasjonstiltak.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krav til innhald i søknaden.

Berre éin søkar kan stå som mottakar av tilskotet. Dersom det blir søkt på vegne av samarbeidande organisasjonar må intern fordeling av middel påreknast.

Offentlege aktørar er ikkje i målgruppa for ordninga.

Sakshandsaming

Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan derfor bli heilt eller delvis avslått på grunn av manglande budsjettmidlar.

Søknadsfrist:
15. januar 2023 23:59
Målgruppe:
Regionale og nasjonale frivillige organisasjonar, institusjonar og private verksemder
Ansvarlig:
Miljødirektoratet