Tilskot til tiltak for ville pollinerande insekt
- Søknadsfrist:
- 15. januar 2023 23:59
- Målgruppe:
- Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren
Tilskotsordninga skal medverke til å sikre eller betre leveområda for ville pollinerande insekt.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak for pollinerande insekt som kan få tilskot, er:
- Restaurering av leveområde
- Skjøtsel
- Etablering av leveområde, til dømes areal for yngling, matsøk og skjul
- Fjerning av framande organismar
- Tilpassa driftsform i jordbruket
- Informasjon
Tiltak som medverkar til etablering eller skjøtsel av areal med førekomst av mange raudlista arter, og tiltak for pollinatorar i naturtypar som er klassifiserte som truga på Norsk raudliste for naturtypar 2018 vil bli prioriterte. Tiltaka kan samfinansierast med miljøtilskot i landbruket.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Statsforvaltaren i fylket der tiltaket skal gjennomførast. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.
Sakshandsaming
Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan derfor bli heilt eller delvis avslått på grunn av manglande budsjettmidlar.
- Søknadsfrist:
- 15. januar 2023 23:59
- Målgruppe:
- Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren