Tilskot til Eldre ut på middag
- Søknadsfrist:
- 30. april 2021 23:59
- Målgruppe:
- heimebuande eldre over 65 år
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren
- Hvem kan søke:
- kommunar
- Rapporteringsfrist:
- 1. november 2021 23:59
Tilskotsordninga skal gjere det mogleg for kommunar som samarbeider med restaurantar å tilby billige middagar for heimebuande eldre som ønsker å ete saman. Merk søknadsfristen 30. april 2021.
Formålet med tilskotet er å motverke fysiske og psykiske konsekvensar av sosial isolasjon og å legge til rette for at eldre igjen kan vere del av eit sosialt fellesskap etter at vaksinasjonen er gjennomført. Målgruppa er heimebuande eldre over 65 år.
Vestland fylke har fått kr 3 540 000 til fordeling, dette er basert på talet eldre i alderen 65 år eller meir.
Tiltaket skal gjennomførast i løpet av ei veke våren 2021, avhengig av vaksinetakten for eldre i landets kommunar. Tilskotsordninga er i tråd med satsingane i Leve heile livet, der mat og måltid er eitt av fem innsatsområde.
Kven kan få tilskot?
Kommunar kan søke midlar åleine, eller i samarbeid med lokale aktørar som frivillige og ideelle organisasjonar, lokale restaurantar, mat- og spisestadar og transportnæringa. Søkarkommune står administrativt og økonomisk ansvarleg, og det er denne kommunen eit innvilga tilskot blir utbetalt til.
Slik søker du tilskotet
Søknaden skal vere poengtert og relativt kortfatta, men må innehalde følgjande:
- Søkarens mål med tilskotet
- Prosjektbeskriving eller beskriving av tiltaket det blir søkt om tilskot til
- Budsjett (som skal kunne samanliknast på same nivå med rekneskap dersom rekneskap blir kravd)
Prosjektbeskrivinga skal omfatte ei beskriving av korleis tilbodet er tenkt organisert og korleis målgruppa medverkar i utforminga. Vidare skal prosjektbeskrivinga inkludere ein aktivitetsplan, korleis brukarane skal rekrutterast, og ei beskriving av omfang og samarbeid med lokale frivillige lag og foreiningar, restaurantnæringa, mat- og spisestadar, transportnæringa eventuelt og andre samarbeidsaktørar. Søknaden skal underteiknast av kommunedirektør eller rådmann, eller den som har signeringsfullmakt.
Les alt om kva søknaden skal innehalde, tildelingskriterium og rapporteringskrav i regelverket som du finn under «Dokument».
Det er ikkje utarbeidd eige søknadsskjema for ordninga.
Søknad skal sendast til Statsforvaltaren i Vestland innan fristen 30. april 2021, på e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller per brev til til Statsforvaltaren i Vestland, 6863 Leikanger. Merk søknaden med «Eldre ut på middag».
- Søknadsfrist:
- 30. april 2021 23:59
- Målgruppe:
- heimebuande eldre over 65 år
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren
- Hvem kan søke:
- kommunar
- Rapporteringsfrist:
- 1. november 2021 23:59
Kontaktpersoner
-
Anne Eli Wangen
Tlf: 57 64 31 65 -
Beate Helland
Tlf: 55 57 22 15