Tilskot til kompetansehevande tiltak for lindrande behandling og omsorg ved livets slutt
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2021 23:59
- Målgruppe:
- Pasientar som treng lindrande behandling og omsorg ved livets slutt og deira pårørande
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Hvem kan søke:
- Kommunar i Vestland og Rogaland
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2021 23:59
Tilskotet skal styrke kvaliteten i tilbodet til pasientar som treng lindrande behandling og omsorg.
Det skal også bidra til samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar om kompetansehevande tiltak og bidra til at pårørande blir teke vare på.
Kommunar som søker i Vestland og Rogaland skal sende søknadsskjema til Statsforvaltaren i Vestland som vedlegg i e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no
Det same gjeld rapportering på eige skjema i etterkant. Søknads- og rapporteringsskjema finn du under fana «Dokument».
Viktig informasjon om nye kriterier for å bli prioritert i tilskotsordningar knytt til Leve heile livet, kan du lese meir om i informasjonsskrivet som ligg under «Dokument».
Sjå under «Kontaktpersonar» for å kome i kontakt med Statsforvaltaren. Du kan også kontakte Regionalt kompetansesenter i lindrande behandling (KLB) eller Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i fylket for råd og rettleiing.
Tilskotet blir forvalta i eit samarbeid mellom dei regionale kompetansesentra for lindrande behandling og Statsforvaltaren. Søknader blir handsama innan 22. mai 2021.
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2021 23:59
- Målgruppe:
- Pasientar som treng lindrande behandling og omsorg ved livets slutt og deira pårørande
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Hvem kan søke:
- Kommunar i Vestland og Rogaland
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2021 23:59
Kontaktpersoner
-
Beate Helland
Tlf: 55 57 22 15