Ekstra løyving: Tiltak for å avdempe konsekvensane av smitteverntiltaka for barn og unge

Søknadsfrist:
12. mars 2021 23:59
Målgruppe:
Barn og unge med psykiske og/eller rusrelaterte problem og lidingar som treng tidleg utgreiing, behandling, oppfølging og støtte, og dei som lever med høg risiko for å utvikle psykososiale vanskar og deira familiar
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland og Helsedirektoratet
Hvem kan søke:
Kommunar i Vestland

Fleire barn og unge har opplevd negative konsekvensar etter innføring av smitteverntiltak mot covid-19, dette er blant anna skildra gjennom rapportar frå ekspertgruppa som er nedsett for å følgje situasjonen for sårbare barn og unge.

Publisert 10.02.2021

For å avdempe konsekvensane smitteverntiltaka har for barn og unge med psykiske plager og lidingar, vil regjeringa i år auke løyvinga til tilskotsordninga Tilbod til barn og unge med behov for langvarig oppfølging og samansette tenester. Med atterhald om Stortinget si godkjenning.

Tiltaket er innretta slik at kommunar kan søke støtte til:

  • tiltak for å etablere og oppretthalde lågterskeltilbod
  • tilpassa, oppsøkande hjelp for barn og unge med psykiske plager og lidingar gjennom pandemien

Om lag 1 000 000 kroner er tiltenkt fordeling i Vestland. Ekstraløyvinga vil bli sett i samanheng med regelverket for tilskotsordninga Tilbod til barn og unge med behov for langvarig oppfølging og samansette tenester. Det betyr at Statsforvaltaren i sakshandsaminga skal følge punkt 7-12 i regelverket.

Praktisk informasjon

Det er ikkje utarbeidd eit eige søknadsskjema for løyvinga. Søknaden skal skrivast i brevform. Søknader sendast sfvlpost@statsforvalteren.no og merkast «Ekstra løyving: Tiltak for å avdempe konsekvensane av smitteverntiltaka for barn og unge».

Søknader skal vere poengtert og relativt kortfatta, men må innehalde:

  • ei kort skildring av utfordringsbiletet
  • skildring av mål, tiltak og eventuelle samarbeidsaktørar
  • informasjon om kor mange brukarar tilbodet er meint for
  • søknadssum og enkelt budsjett
  • kontonummer, organisasjonsnummer og eventuell merking av utbetalinga (til bruk dersom søknaden vert innvilga)
Søknadsfrist:
12. mars 2021 23:59
Målgruppe:
Barn og unge med psykiske og/eller rusrelaterte problem og lidingar som treng tidleg utgreiing, behandling, oppfølging og støtte, og dei som lever med høg risiko for å utvikle psykososiale vanskar og deira familiar
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland og Helsedirektoratet
Hvem kan søke:
Kommunar i Vestland