Tilskot til truga artar
- Søknadsfrist:
- 15. januar 2021 23:59
- Målgruppe:
- Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar
- Ansvarlig:
- Fylkesmannen
Tilskotsordninga skal medverke til å gjennomføre tiltak for å ta vare på prioriterte arter og deira økologiske funksjonsområde, jf.naturmangfaldlova, §§ 23 og 24, og arter som er klassifiserte som truga på Norsk rødliste for arter 2015.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak som kan få tilskot er:
- Skjøtsel og vedlikehald
- Tiltak som forbetrar biotopar
- Restaurering
- Konkrete tiltak for einskildarter, som til dømes flytting av individ, reintroduksjon og innsamling av frø
- Tilpassa bruk på areal som inngår i drifta på landbruksføretak
- Gjerding
- Kartlegging og overvaking knytt til tiltak
Tilskotordninga omfatter òg tiltak som bidrar til å ta vare på økologiske funksjonsområde for prioriterte artar.
Det kan òg bli gitt tilskot til tiltak for å hindre at hubro døyr som følgje av at dei bruker straumstolpar som sitteplass. Det er primært eigarar av strømnett som kan få slike tilskot. I tillegg til tiltak, kan det bli gitt tilskot til nødvendig utstyr og informasjon om artene.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Søknaden skal beskrive korleis tiltaka skal gjennomførast.
- Søknadsfrist:
- 15. januar 2021 23:59
- Målgruppe:
- Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar
- Ansvarlig:
- Fylkesmannen
Kontaktpersoner
-
Tore Larsen
Tlf: 57 64 31 26 / 90 84 69 42 -
Olav Overvoll
Tlf: 55 57 23 15 -
Johannes Anonby
Tlf: 57 64 31 25