Tilskot til generell vassforvaltning

Søknadsfrist:
15. januar 2021 23:59
Målgruppe:
Vassområdeutval, interkommunale vassprosjekt, kommunar, forskingsinstitusjonar og frivillige organisasjonar
Ansvarlig:
Miljødirektoratet

Tilskotsordninga skal medverke til at ein når miljømåla i vassforskrifta. Målgruppe for ordninga er vassområdeutval, interkommunale vassprosjekt, kommunar, forskingsinstitusjonar og frivillige organisasjonar.

Publisert 21.12.2020

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot kan bli gitt til:

Tiltak som inngår som ein del av arbeidet med regionale vassforvaltningsplanar med tilhøyrande tiltaksprogram.

Høgt prioritert:

  • Miljøforbetrande tiltak og da særleg restaureringstiltak med formål å betre miljøtilstanden i vatn.

Mindre prioritert:

  • Tilrettelegging og organisering.
  • Informasjon. Rettleiingsmateriell og seminar.
  • Utredningar, forskning og utvikling.

Lågt prioritert:

  • Problemkartlegging (avdekke påverkar (problemeigar) av vassforekomsten eller effekt av påverknad). 

Der det fins ein ansvarleg tiltakshavar, er det i utgangspunktet tiltakshavar sjølv som skal ta kostnaden med gjennomføring av tiltak og undersøkinga etter forureinar-betalar prinsippet. Der det er ein ansvarleg tiltakshaver, blir det ikkje gjeve tilskot etter denne ordninga.

Miljødirektoratet handsamar søknaden innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Rett utfylling i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter oppfyller kravet til innhald i søknaden, og det kan bes om utfyllande opplysninger om det er nødvendig for å handsame søknaden. Sjølv godt kvalifiserte søknadar kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.

Informasjon om andre tilskotsordningar

Søknadar som gjeld andre tilskotsordningar vil bli avslått. For meir informasjon søk andre tilskotsordningar. Eksemplar: Tilskot til fisketiltak for anadrom fisk (laks, sjøaure og sjørøye), tilskot til kalking av vassdrag og friluftstiltak.

Veiledning:

Beskriving av tiltaket – max ½ -1 side :

  • Namn vassforekomst(ar) som tiltaket gjeld for, med vassforekomstID.
  • Opplyse om fase i restaureringsprosjektet: Fase 1. Kartlegging. Fase 2. Planlegging. Fase 3. Starte gjennomføring. Fase 4. Deler av tiltaket er gjennomført.
  • Informasjon om tiltaket går fram av vassforvaltningsplan med tiltaksprogram.
  • Informasjon om kva for effekt tiltaket er forventa å ha. Dette er særs viktig å beskrive.
  • Tiltaket kan utløyse midlar hos fleire aktørar eller blir samfinansiert av fleire aktørar.
  • Tiltaket manglar andre finansieringsordningar.
  • Tiltaket har overføringsverdi/eksempelverdi.
  • Status for eventuelle løyver som tiltaket krev.
  • Minstesum 50.000 kr.

Søknaden gjeld for det som skal gjennomførast i 2021. Beskriv i tillegg heile prosjektet dersom dette går over fleire år. 

 

Søknadsfrist:
15. januar 2021 23:59
Målgruppe:
Vassområdeutval, interkommunale vassprosjekt, kommunar, forskingsinstitusjonar og frivillige organisasjonar
Ansvarlig:
Miljødirektoratet